Mast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mast på skonnerten «Adventuress» frå 1913.

Mast (frå lågtysk mast, 'stong')[1] er ei vertikal stong, opphavleg mynta på å bera seglfartøy.[2] Ei mast blir nytta til å halde opp segl, leidningar, antenner, kablar eller andre ting som blir montert oppe i masta. I motsetnad til ein stolpe er masta så høg at ho må bardunerast eller ha så stor flate ved sokkelen at ho ikkje vil blåse ned i sterk vind eller ho må tåle stor last. I slike tilfeller snakkar ein om t.d. ei høgspentmast, lysmast, mobilmast, radiomast, taubanemast, osb.

På store seglskip med høg rigg består ei mast av fleire delar - ei undermast og to (av og til tre) stenger over denne. Ho blir halden i stilling av ein ståande rigg (vant, bardunar og stag).[2]

Master var opphavleg laga av trestammar. Moderne lasteskip kan ha master i form av stålrøyr opp til ca. 3 m diameter for lastebomar. Både undermast og stenger kan vera av stål, som då er hole. Master til seglbåtar blir no laga som ekstrudert aluminiumsprofil med aerodynamisk form og spor til forlik på storseglet.[2] Høgspentmaster er gjerne konstruert ved å sette saman aluminiumsprofilar slik masta får profil av eit tårn med stort tverrsnitt ved sokkelen.

Krigsfartøy har master som hovudsakleg blir brukt til å bera antenner for radio og radar og andre viktige sambandsmiddel.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]