Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangen til Barne- og likestillingsdepartementet m.fl. i Oslo
Foto: Alejandro Decap

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er eit tidlegare norsk departement som blei oppretta 1. januar 2006 frå Barne- og familiedepartementet. Ved regjeringsomdanninga 20. oktober 2009 blei det bestemt at også integrering skulle leggjast under departementet med verknad frå 1. januar 2010. Departementet skifta då namn frå Barne- og likestillingsdepartementet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Andre arbeidsområde var styrking av forbrukarrettar, trygg oppvekst og høve til deltaking og medbestemming i samfunnet for barn og unge, at familiar skal leve trygt, både økonomisk og sosialt og at det skal bli full og verkeleg likestilling mellom kvinner og menn og for minoritetsgrupper. Det er Barne- og likestillingsdepartementet som løyver storbymidlar til dei 23 bykommunane som er peika ut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Barne- og likestillingsdepartementet blei oppretta 1. januar 2006 med oppgåver frå Barne- og familiedepartementet, som blei lagt ned samtidig. Namnet Barne- og familiedepartementet blei innført 1. januar 1991. Eitt år tidlegare blei Familie- og forbrukardepartementet oppretta ved kongeleg resolusjon av 22. desember 1989. Det nye departementet fekk overført saksområde frå det nedlagde Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet (SFT) og Kulturdepartementet.

Grunngjevinga for å opprette departementet var at ein ønskte å styrke innsatsen for barn og familiar. Arbeidsfelta skulle særleg vere likestilling, produktsikring, forbrukarvern og trygging av barn sine rettar.

Departementet skifta namn og delvis oppgåver gjennom tidene:

  • Familie- og forbrukardepartementet (1956–1972 og 1990)
  • Barne- og familiedepartementet (1991–2005)
  • Barne- og likestillingsdepartementet (2006–2009)
  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2010–2016)
  • Barne- og likestillingsdepartementet (2016–2019)
  • Barne- og familiedepartementet (2019–)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]