Justis- og beredskapsdepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Justisdepartementet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Justis- og beredskapsdepartementet
Statsikon.svg
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa17. november 1818[1]
StatsrådEmilie Enger Mehl (Sp)
HovudkontorNydalen i Oslo, (midl.)
Tilsette408 (2014)[2]
Nettsidewww.regjeringen.no/jd

Justis- og beredskapsdepartementet, ofte berre omtala i daglegtale som Justisdepartementet, styrer justisvesenet i Noreg med ansvar for politi og påtalemakt. Departementet har som hovudmål å sikra tryggleiken til samfunnet og enkeltmennesket, og at rettstryggleiken for kvar og ein blir verna.

Justisdepartementet blei oppretta 17. november 18182. departement for justisvesenet og 3. departement for politisaker blei slått saman. I 1940 blei departement delt i to av NS-regjeringa til Justisdepartementet og det utvida Politidepartementet.[1]

Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområde[endre | endre wikiteksten]

Departementet har desse avdelingane:

  • Plan- og administrasjonsavdelinga
  • Politiavdelinga
  • Sivilavdelinga
  • Lovavdelinga
  • Kriminalomsorgsavdelinga
  • Rednings- og beredskapsavdelinga
  • Polaravdelinga

i tillegg til ei informasjonseining og analysestab.

Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]

Per oktober 2021 er Emilie Enger Mehl statsråd og leiar for Justis- og beredskapsdepartementet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Norske justisministrar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]