Kommunal- og moderniseringsdepartementet
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 29. oktober 1948[1] |
Statsråd | Nikolai E. Astrup (H) Linda Hofstad Helleland (H) |
Hovudkontor | Akersgata 59, Oslo |
Tilsette | 425 (2014)[2] |
Nettside | kmd.regjeringen.no |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet er eit norsk departement med ansvar for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val.
Departementet vart oppretta av regjeringa Solberg gjennom å fusjonere Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet. Departementet har lokaler i Regjeringskvartalet, R5, Akersgata 59.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kommunal- og regionaldepartementet blei oppretta i Einar Gerhardsen si andre regjering 20. desember 1948 som Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den første kommunalministeren var Ulrik Olsen. Frå 1990 til 1992 blei departementet kalla Kommunaldepartementet. Arbeidsavdelinga blei i 1997 overført til det som då blei Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]
Statsråd og leiar for departementet er kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner som representere Høgre (H). Statssekretærer er Paul Chaffey, Anders Bals og Jardar Jensen, alle frå Høgre, og Per-Willy Amundsen frå Framstegspartiet. Politisk rådgjevar er Rikke Sjøberg (H).[3]
Underliggjande etatar[endre | endre wikiteksten]
- Husbanken
- Kommunalbanken
- Husleigetvistutvalet i Oslo
- Statens bygningstekniske etat
- Selskapet for industrivekst
- Innovasjon Norge