Barne- og familiedepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barne- og familiedepartementet
Statsikon.svg
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa22. desember 1989[1]
StatsrådKjell Ingolf Ropstad (KrF)
HovudkontorAkersgata 59, Oslo
Tilsette186 (2014)[2]
Nettsidebfd.regjeringen.no
Inngangen til Barne- og familiedepartementet m.fl. i Oslo
Foto: Alejandro Decap

Barne- og familiedepartementet (BFD) er eit norsk departement som arbeider med spørsmål som gjeld oppveksten til barn og unge og levekår, familiar, kyrkjesaker, religion og livssyn, og forbrukarpolitikk.

Barne- og familiedepartementet blei oppretta i 1956 som Familie- og forbrukardepartementet, og har hatt ei rekkje namn gjennom tidene. Dagens namn blei teke i bruk i 1991 og på nytt i 2019 då Kjell Ingolf Ropstad blei barne- og familieminister, medan likestillingssaker blei flytte til Kulturdepartementet. Samstundes blei ansvaret for kyrkjesaker og andre religions- og livssynsspørsmål flytte fra Kulturdepartementet til Barne- og familiedepartementet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Barne- og familiedepartementet blei etablert 21. desember 1956 under namnet Familie- og forbrukardepartementet. I 1972 blei departementet slått saman med Lønns- og prisdepartementet til Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, og overtok saksfelt frå enkelte andre departement.

1. januar 1990 blei Familie- og forbrukardepartementet oppretta att som eige departement og fekk overført saksområde frå Forbrukar- og administrasjonsdepartementet, Sosialdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Miljøverndepartementet (SFT) og Kulturdepartementet.

Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver gjennom tidene:

I 2019 fekk departementet overført ansvaret for kyrkjesaker og andre religions- og livssynspørsmål, medan likestillingssaker blei flytte til Kulturdepartementet. Gjennom å ha fått ansvaret for kyrkjesaker er departementet frå 2019 ein av to etterfølgjarar (saman med Kunnskapsdepartementet) etter Kyrkje- og undervisningsdepartementet, oppretta i 1814 som Noregs eldste department.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Departementet har fire avdelingar:

  • Barne- og ungdomsavdeling
  • Samlivs- og likestillingsavdeling
  • Forbrukaravdeling
  • Plan- og administrasjonsavdeling

Underliggande etatar[endre | endre wikiteksten]

Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]

Kjell Ingolf Ropstad frå Kristeleg Folkeparti er barne- og familieminister for regjeringa Solberg sidan 22. januar 2019.

Før dette var hadde den same regjeringa Linda Hofstad Helleland frå Høgre som barne-, familie-, likestillings- og inkluderingsminister i perioden 2018–2019, og Solveig Horne frå Framstegspartiet som barne-, likestillings- og inkluderingsminister i perioden 2013–2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]