Barneskjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°13′05″N 10°27′47″E

Barneskjær sett frå Fjærholmen
Foto: Lars Åge Kamfjord

Barneskjær er ei øy i Færder kommune i Vestfold.[1] Ho ligg rett utanfor NesbryggaNøtterøy, sør for Føynland. Øya har eit areal på om lag 39 dekar. Tidlegare Nøtterøy kommune kjøpte øya av Markus O. Korsnes for 200 000 kroner i 1968 til bruk som friareal.

Barneskjær er mykje vitja av skuleklassar og organisasjonar. Det er eitt hus på øya bygd i 1924, og det vert leigd ut for kortare periodar. Det er ikkje straum på øya, så kjøkenutstyret i det stavernsgule huset vert drive av gass. Det er ei brygge på øya med plass til 4-5 båtar.

På Barneskjær er det òg fleire tyske bunkersar i fjellet som stammar frå andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barneskjær». Kartverket / Faktaark. Henta 24. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]