Barneville-la-Bertran
Hopp til navigering
Hopp til søk
Barneville-la-Bertran | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
Land | ![]() | ||||
Region | Normandie | ||||
Departement | Calvados | ||||
Tidssone | UTC+01:00, UTC+2 | ||||
Folketal | 127 (1. januar 2017) | ||||
Plassering | |||||
![]() Barneville-la-Bertran | |||||
Barneville-la-Bertran er ein fransk kommune i departementet Calvados i Normandie.[1] I 2017 hadde han 127 innbyggjarar.
Barneville-la-Bertran ligg nord for Pays d'Auge, rundt 6 km sørvest for Honfleur, 15 km sør-søraust for Le Havre (over Seinen-estuaret) og 10 km nordaust for Deauville. Det meste av kommunen er dyrka mark.[2][3]
Namn[endre | endre wikiteksten]
Fram til 1995 heitte kommunenn berre Barneville. Forma Barnavilla er kjend frå 1062. Det er avleidd frå det skandinaviske personnamnet Biarn[4] eller Barni[5] og av latinsk villa.
6. november 1995 endra Barneville offisielt namn til Barneville-la-Bertran.[6] Bertran er namnet til adelsfamilien som har halde til her sidan høgmellomalderen.[7]
Kjende folk med tilknyting til kommunen[endre | endre wikiteksten]
- Jean Doublet (1655-1728), kaper, døydde i Barneville
- Marie-Catherine d'Aulnoy (1651-1705), forfattar, fødd i Barneville
- Françoise Sagan (1935-2004), forfattar, budde i herskapshuset Breuil
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Barneville-la-Bertran» frå Wikipedia på engelsk og «Barneville-la-Bertran» frå Wikipedia på fransk, den 18. mai 2020.
- ↑ Barneville-la-Bertran on Lion1906
- ↑ Barneville-la-Bertran on Google Maps
- ↑ Barneville-la-Bertran ved Géoportail frå Institut géographique national (IGN)
- ↑ Dauzat, Albert; Rostaing, Charles (1963). Dictionnaire étymologique des noms de lieux en France. Paris: Larousse.
- ↑ Lepelley, René (1996). Dictionnaire étymologique des noms de communes de Normandie. Condé-sur-Noireau: Éd. Charles Corlet. s. 59.
- ↑ «Décret du 6 novembre 1995 portant changement de nom des communes».
- ↑ «Communauté de communes du Pays de Honfleur - Barneville-la-Bertran». Henta 20. april 2012.