Barsel
Barsel (latin puerperium) er tida under og like etter ein barnefødsel.[1] Innan obstetrikk reknar ein barselperioden som dei første seks vekene etter ein fødsel.[2] Ei kvinne som er i denne perioden kan ein kalla ei barselkvinne eller barselkone.[3] I løpet av barseltida endrar kvinnekroppen seg tilbake til ein ikkje-gravid tilstand gjennom endringar som hormonnivået og livmorstorleiken.[4] Samtidig byrjar mjølkeproduksjonen.[5]
Verdshelseorganisasjonen (WHO) har omtalt barseltida som den mest kritiske men likevel også den mest oversette delen av liva til både mor og barn; dei fleste dødsfall for begge gruppene finn stad i denne perioden.[6] I barseltida er det mellom anna risiko for stor bløding,[7] infeksjon[6] og blodpropp.[5] Det er også mogleg å utvikla visse psykiske lidingar som fødselsdepresjon, posttraumatisk stressliding (PTSD) og i nokre sjeldne høve postpartumpsykose.[8]
Soge
[endre | endre wikiteksten]Ordet «barsel» er avleidd av «barnsøl», og viste opphavleg til feiringa av ein barnefødsel, gjerne ved dåpen. I Noreg har det også vore skikk å vitja barselkoner og gje dei nærande mat, som barselgraut.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord Barnsäng)
- ↑ Romano M, Cacciatore A, Giordano R, La Rosa B (April 2010). «Postpartum period: three distinct but continuous phases». Journal of Prenatal Medicine 4 (2): 22–5. PMC 3279173. PMID 22439056.
- ↑ 3,0 3,1 Dybdahl, Audun (8. oktober 2018). «barsel». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Kansky C (juli 2016). «Normal and Abnormal Puerperium: Overview, Routine Postpartum Care, Hemorrhage». Medscape.
- ↑ 5,0 5,1 «barsel». Store medisinske leksikon (på norsk). 8. juli 2019.
- ↑ 6,0 6,1 WHO. «WHO recommendations on postnatal care of the mother and newborn». WHO. Henta 22. desember 2014.
- ↑ Weeks, A (Januar 2015). «The prevention and treatment of postpartum haemorrhage: what do we know, and where do we go to next?». BJOG : An International Journal of Obstetrics and Gynaecology 122 (2): 202–10. PMID 25289730. doi:10.1111/1471-0528.13098.
- ↑ Dobson V, Sales B (2000). «The Science of Infanticide and Mental Illness». Psychology, Public Policy, and Law 6 (4): 1098–1112. doi:10.1037/1076-8971.6.4.1098.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Postpartum period» frå Wikipedia på engelsk, og «Barnsäng» frå Wikipedia på svensk den 17. desember 2019.