Barstad i Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Barstad er ein matrikkelgard i Ørsta kommune, gardsnummer 22 i Ørsta. Geografisk høyrer han til Follestaddalen, etter som tuna ligg på ein terasse langs med Storelva (Follestaddalselva) (øvre del av Ørstaelva). Administrativt låg han under den no (2009) avvikla skulekrinsen Åmås. Kulturelt og til dels sosialt har Barstad-folk vore meir vendt mot Åmdalen enn mot Follestaddalen. Barstad grensar i sør/vest mot Brudavoll, og i nord/aust mot Rebbestad.

Køyreveg til Follestaddalen (forbi Barstad) for hjulvogner var ferdig i 1846. Vegen er no Fv 55.

Før garden vart utskift i 1864-67 låg dei tre bruka i eit klyngjetun, med i alt 17 bygningar. Bruka fann seg nye tufter, kvar med ein stor innmarksteig rundt dei nye tuna. Alle bruka vart delt i tida 1866-1899. Talet på bruk som dreiv husdyrhald var i nokre tiår i fyrste halvdelen av det 20. hundreåret oppe i sju. I 2009 er det eitt bruk som driv med mjølkeproduksjon. Barstad og Brudavoll hadde felles seter på Barstadfjellet, nord for garden. Seterdrifta tok slutt kring 1940.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 24 personar (4 heimar)
  • 1865: 32 personar (4 heimar)
  • 1900: 30 personar (6 heimar)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900