Bastia
Bastia | |
---|---|
Hamna i Bastia | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Korsika Haute-Corse |
Geografi | |
Flatevidd - By |
19,38 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
37 884 1 955/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 30 m |
Diverse anna | |
Heimeside: www.bastia.fr |
Bastia er ein by og kommune nord på Korsika i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Corse og har om lag 40 000 innbyggjarar. Bastia er òg ei viktig hamn på Korsika og er vidkjend for vinen sin.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Byen ligg nordaust på Korsika ved byrjinga av Cap Corse. Bastia er den største hamna og handelssentrum på øya. Den årlege middeltemperaturen er om lag 15,3 °C og det er vanlegvis fem dagar med frost i året. Bastia har ofte kraftig vind og har ein normal årsnedbør på meir enn 700 mm, men har òg meir enn 340 dagar med sol på eit år.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Før genuesarane okkuperte Korsika var Cardo ein stor by. Rundt byen var det små landsbyar der fiskarar frå Cardo budde. Den litle hamna vart kalla Porto Cardo, som tyder «hamna i Cardo».
Genuesarane ville ha ei verna hamn frå havstormane og under guvernør Leonello Lomellini i 1380, byrja dei å konstruere ein bastiglia, ein tilfluktstad eller festning.
Etter kvart hadde bastigliaen (Bastia) meir framgang og vart viktigare enn Cardo.
Bastia var hovudstad av Korsika fram til 1791.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

