Genova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genova
Flagget til Genova
Flagget til Genova


Plassering
Genova is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Liguria
Genova
Borgarmeister Marta Vincenzi
Geografi
Flatevidd
 - By

243 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2014)
   - folketettleik

588 688
  2 400/km²
Koordinatar 44°24′″N 8°55′″EKoordinatar: 44°24′″N 8°55′″E
Høgd over havet 20 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 16100
Telefon-retningsnummer 010
Nettstad: www.comune.genova.it

Genova (genuesisk Zena[a]) er ein hamneby nord i Italia. Han er hovudstad i provinsen Genova og regionen Liguria, og har om lag 588 688 innbyggjarar med om lag 868 046 (2013) innbyggjarar i storbyområdet.

Genua var den gamle byen til ligurarane og namnet kjem truleg frå ligurisk og tyder «kne» (frå gresk gony «kne»), som i «vinkel» ut i frå den geografiske posisjonen og derfor i slekt med namnet til Genève. Det kan òg kome frå den keltiske rota genu-, genawa (fl. genowe), som tyder «munning». Genova var òg hovudstaden til Republikken Genova, eit mektig handelsimperium i renessansen.

Delar av gamlebyen i Genova er innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fontene på Piazza De Ferrari.

Antikken og tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Historia til Genova går tilbake til antikken. Dei første kjende innbyggjarane i området var ligurarane, ei italisk stamme.

Ein gravstad frå 500- til 400-talet fvt. viser at staden var busett av grekarar, men den gode hamna var truleg i bruk mykje tidlegare, kanskje av etruskarar. Truleg hadde òg fønikarane basar i Genova eller i nærleiken, sidan inskripsjonar med alfabet som liknar det dei nytta i Tyre i Libanon har vorte funne.

I romartida var Genova i skuggen til mektige Marseille og Vada Sabatia, nær det moderne Savona. I motsetnad til andre liguriske og keltiske busetnader i området var han alliert til Roma gjennom ein foedus aequum («likepakt») i løpet av den andre punarkrigen. Han vart derfor øydelagd av kartagarane i 209 fvt. Byen vart gjenoppbygd og etter punarkrigane fekk han kommunerettar. Den opphavlege castrum vart så utvida mot områda Santa Maria di Castello og San Lorenzo-neset. Genuesarane handla med skinn, tømmer og honning. Varene vart frakta inn i landet til viktige byar som Tortona og Piacenza.

Etter Vestromarriket sitt fall vart Genova okkupert av austgotarar. Etter gotarkrigen gjorde austromarane byen til setet for statthaldaren deira. Langobardane erobra byen i 643. I 773 vart det langobardiske kongedømet innlemma i Frankarriket. Den første karolingiske greven i Genova var Ademarus, som fekk tittelen praefectus civitatis Genuensis. Ademarus døydde på Korsika i kampar mot sarasenarar. I denne perioden vart dei romerske bymurane øydelagd av langobardane og bygd opp at og utvida.

Dei neste hundreåra var Genova berre ein liten fiskelandsby, men bygde sakte opp handelsflåten sin som skulle gjere han til det leiande handelssentrumet i Middelhavet. Byen vart plyndra og brend i 934 av arabiske sjørøvarar, men raskt bygd opp att.

På 900-talet kom byen, no ein del av Marca Januensis (Det genuesiske markgrevskapet), under Obertenghi-familien. Genova var ein av dei første byane i Italia som fekk borgarrettar frå dei lokale lensherrane.

Mellomalderen og renessansen[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderportar i Genova er eit av dei få minna som er att etter byen sin gullalder og eit av dei mest kjende landemerka.
Monument over Christofer Columbus på Piazza Aquaverde
Den gamle hamna i Genova.
Den store bigoen i den gamle hamna.
For meir om dette emnet, sjå Republikken Genova.

Før 1100 fekk Genova status som sjølvstendig bystat, ein av fleire i Italia i denne perioden. Formelt var han ein del av Det tysk-romerske riket og biskopen av Genova styrte byen, men den faktiske makta vart halde av fleire «konsular» som vart valde kvart år av ei folkesamling. Genova var ein av dei såkalla «maritime republikkane» i lag med Venezia, Pisa og Amalfi og handel, skipsbygging og bankverksemd var medverkande til å byggje ein av dei største og mektigaste marinane i Middelhavet. Adorno, Campofregoso og andre mindre handelsfamiliar kjempa alle om makta i republikken, sidan makta til konsulane gjorde at kvar familie kunne få rikdom og makt i byen. Republikken Genova strekte seg over det moderne Liguria og Piemonte, Sardinia, Korsika og hadde i praksis total kontroll over Tyrrenhavet. Genuesarane deltok i krosstoga og oppretta gjennom dei koloniar i Midtausten, i Egearhavet, på Sicilia og i Nord-Afrika. Det genuesiske krosstoget tok med seg eit grønt glasbeger frå Levanten som genuesarane lenge rekna som Den heilage gralen.

Krossfararstatane braut saman etter kvart, men Genova var alliert med Austromarriket og dette opna handelsruter inn i Svartehavet og til Krimhalvøya. Interne stridar mellom dei mektige familiane Grimaldi og Fieschi, Doria, Spinola og andre skapte mykje uro, men generelt vart republikken drive som ei bedrift. Genova sitt politiske høgdepunkt kom då dei sigra over Hertugdømet Pisa i sjøslaget ved Meloria (1284) og over erkefienden Republikken Venezia i 1298.

Velstanden varte derimot ikkje. Svartedauden kom til Europa i 1349 frå den genuesiske handelsstasjonen ved Caffa (Theodosia) på Krimhalvøya ved Svartehavet. Etter den økonomiske kollapsen og det kraftige fallet i folketalet, adopterte Genova det venetianske styresettet, og vart styrt av ein doge (sjå doge av Genova). Krigane med Venezia heldt fram og Chioggiakrigen (1378–1381) enda med siger til Venezia. Etter ein periode under Frankrike (1394–1409) kom Genova under styret til Visconti-familien i Milano. Genova mista Sardinia til Aragon, Korsika til interne opprørsstyrkar og koloniane i Midtausten til Det osmanske riket og arabarane.

Kristoffer Columbus var fødd i Genova og donerte ein tiandedel av inntektene sine etter oppdaginga av Amerika for Spania til banken i San Giorgio i Genova. Den spanske koplinga vart forsterka av Andrea Doria, som oppretta ei ny grunnlov i 1528, som gjorde Genova til ein satellittstat under Det spanske riket. Under den økonomiske oppgangstida samla dei genuesiske familiane opp enorme verdiar. Då Genova var på topp på 1500-talet trekte byen til seg mange kunstnarar, inkludert Rubens, Caravaggio og Anthonis van Dyck. Den kjende arkitekten Galeazzo Alessi (1512–1572) teikna mange av dei flotte bygningane i byen.

Genova vart råka av franske bombeåtak i 1684 og vart okkupert av Austerrike i 1746 under den austerrikske arvefølgjekrigen. I 1768 vart Genova tvinga til å avstå Korsika til Frankrike.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Med oppdaginga av Amerika skifta handelen fokus frå Middelhavsområdet til Den nye verda og Genova si politiske og økonomiske makt gjekk det stadig nedover med.

I 1797, under press frå Napoleon, vart Genova eit fransk protektorat kalla Den liguriske republikken, som vart annektert av Frankrike i 1805. Denne hendinga vert nemnd i første setning i Lev Tolstoj sin Krig og Fred.

Sjølv om genuesarane gjorde opprør mot Frankrike i 1814 og frigjorde byen på eiga hand, men på Wienerkongressen etter napoleonskrigane vart det avgjort at han skulle innlemmast i Piemonte (Kongedømet Sardinia) og dermed enda den tre hundre år lange kampen til Huset Savoie om å ta over byen. Kongen av Piemonte sende til og med Bersaglieri-familien for å plyndre byen og omtalte genuesarane som «avskum». Byen fekk raskt eit rykte på seg som ein stad for rørsler mot Savoie, sjølv om unionen med Savoie var økonomisk svært nyttig. Då Risorgimento-rørsla sprang opp venda genuesarane kampen sin for ein lokal republikk til ein kamp om å samle heile Italia. I 1860 reiste Giuseppe Garibaldi ut frå Genova med over tusen frivillige for å byrje felttoget sitt. Denne hendinga vert kalla «avgangen til dei tusen» og eit monument er reist der dei reiste ut.

Under den andre verdskrigen bombarderte den britiske flåten Genova og ei bombe fall på domkyrkja San Lorenzo utan at ho eksploderte. I dag er bomba framleis synleg for alle som vitjar domkyrkjeområdet.

I 2004 valde EU Genova som europeisk kulturhovudstad i lag med den franske byen Lille.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fransk Gênes, tysk og latin Genua, spansk Génova, galisisk Xénova engelsk Genoa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Genova