Batnfjordsøra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Batnfjordsøra
tettstad
Batnfjorden-Gjemnes-Batnfjordsøra.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Gjemnes
Areal 0,36 km²
Folketal 379 (2017)
Folketettleik 1 053 / km²
Postnummer 6631 BATNFJORDSØRA
Wikimedia Commons: Batnfjordsøra

Batnfjordsøra er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gjemnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg inst i Batnfjorden og har 379 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Batnfjordsøra ligg ved europaveg 39, omtrent midtvegs mellom Molde og Kristiansund. Fylkesveg 666 tar av frå europaveg 39 ved Batnfjordsøra, og går via Torvikbukt til Eidsvåg.

Batnfjordsøra har daglegvarebutikkar, grunnskule, idrettsbane og noko småindustri.[1] Den lokale kyrkja er Øre kyrkje frå 1865, som ligg ved Skeisdalen nordaust for Batnfjordsøra.

Bilete frå Batnfjordsøra[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Batnfjordsøra». Store norske leksikon. 10. november 2015. Henta 17. april 2018.