Gjemnes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjemnes kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Batnfjordsøra
Areal 382 km²
 - land 372 km²
 - vatn 10 km²
Folketal 2 593 (1. januar 2016)
Folketettleik 7 / km²
Målform nøytral
Ordførar Knut Sjømæling (Sp)
Kommunenummer 1557
NO 1557 Gjemnes.svg
Wikimedia Commons: Gjemnes
Nettstad: www.gjemnes.kommune.no

Gjemnes kommune er ein kommune som ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar i vest mot Eide og Fræna, i sør mot Molde og i sørvest mot Nesset. Nord for Gjemnes ligg Averøy og Kristiansund, og over Tingvollfjorden i aust ligg Tingvoll kommune.

Kommunesenteret i Gjemnes er Batnfjordsøra som ligg inst i Batnfjorden.

Det er to kyrkjer i kommunen; Gjemnes kyrkje som ligg i bygda Gjemnes, og Øre kyrkje i Skeisdalen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Gjemnes varierer hovudsakleg mellom fjordar og fjell med toppar på kring 700-1000 moh. Det høgste punktet er Stortussen, lokalt kalla Snøtind, på 1027 moh, som ligg på grensa mot Eide. I kommunen ligg det to låge dalføre som strekkjer seg sørvestover til Fannefjorden; eitt frå Batnfjorden og eitt frå Tingvollfjorden. Busetnaden ligg for det meste langs Tingvoll- og Batnfjorden, med samlingar i Batnfjordsøra, Angvik, Flemma og Torvikbukt i tillegg til noko spreidd busetnad i dalføra i innlandet.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Jord- og skogbruk er viktigaste næringsvegen i Gjemnes og står for eit viktig grunnlag for sysselsetting og busetnad. Den dyrka jorda finn ein langs strendene og i dei låge eida, særleg kring og inn i frå Batnfjorden. Her vert det hovudsakleg dyrka fôr til mjølkeproduksjon. Kommunen har òg eit variert spekter av verksemder fordelt innanfor handverk, produksjon, handel- og finansnæring, fordelt på små og mellomstore føretak. Industrien utgjer me.a. ei møbelverksemd og ein måling- og lakkfabrikk. På Høgset attmed Gjemnessundet ligg meieri og betongproduksjon. Om lag 48 % av dei yrkesaktive har arbeid utanfor kommunegrensene, særleg i Molde.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Reinsfjellet sett frå bygda Gjemnes.

E 39 (Molde- Trondheim) går igjennom Gjemnes over Bergsøya med bruer over Gjemnessundet og Bergøysunddet. Desse bruene utgjer ein del av Krifast. Freifjordstunnelen frå Bergsøya fører til Frei og Kristiansund via riksveg 70. Fylkesveg 665 ligg mellom Angvika og Isadlia i Molde og fylkesveg 666 kring halvøya mellom Tingvollfjorden og Batnfjorden. På Reinsfjellet står TV- og FM-sendar.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Gjemnes vart godkjent 1983. Våpenet synar på grøn botn framsida av eit hjortehovud i gull og viser til hjortestammen som held til i kommunen.

Det første leddet i namnet Gjemnes kjem truleg frå eit elvenamn som har samanheng med det norrøne ordet gíma, som tyder 'gime', 'munning'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]