Batsisk
| Batsisk batsba motjiti | ||
| Andre namn | Batsbi, batsb, batsi, batsaw, tsova-tusj | |
| Klassifisering | nordaust-kaukasisk nakh | |
| Bruk | ||
| Tala i | Georgia | |
| Batsisktalande i alt | 3 420 (2000) | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3 | bbl | |
Batsisk er eit språk som vert brukt blant folkegruppa batsarar i Kaukasus, som kallar språket batsba motjiti. Det er eit av nakh-språka i dei nordaust-kaukasiske språka. Det hadde 3 420 talarar i 2000.
Språket er berre eit talespråk, sidan bats-folka brukar georgisk som skriftspråk. Det er ikkje innbyrdes forståeleg med tsjetsjensk eller ingusjisk, som er dei to andre språka i nakh-familien.
Dei fleste batsiske talarane bur i landsbyen Zemo-Alvani i Kakheti-provinsen i Georgia, men det finst òg familiar som brukar batsisk i Tbilisi og andre større byar i Georgia.
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]Bats har eit vanleg femvokalsystem med kontrastiv lengde (bortsett frå u som ikkje har ei lang form). Batshar også diftongane ei, ui, oi, ai, ou, and au.[1] Alle vokalane og diftongane har også nasaliserte allofonar.
| Fremre | Bakre | |
|---|---|---|
| Høg | i, iː | u |
| Midtre | e [ɛ], eː | o, oː |
| Låg | a, aː |
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]| bilabial | alveolar | post- alveolar |
palatal | velar | uvular | fa- ryngal |
glottal | |||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | ej. | ust. | st. | |
| Plosivar | pʼ | p | b | tʼ | t | d | kʼ | k | g | qʼ | q | ʔ | ||||||||||||
| Affrikatar | tsʼ | ts | dz | tʃʼ | tʃ | dʒ | ||||||||||||||||||
| Frikativar | f | v | s | z | ʃ | ʒ | x | ɣ | ħ | ʕ | h | |||||||||||||
| Nasalar | m | n | ||||||||||||||||||||||
| Vibrantar | r | |||||||||||||||||||||||
| Laterale approksimantar | ɫ | l | ||||||||||||||||||||||
| Sentrale approksimantar | j | |||||||||||||||||||||||
Grammatikk
[endre | endre wikiteksten]Bats har 8 substantivklasser og verb-person-kongruens. Bats er eit ergativt språk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Batsisk» frå Wikipedia på bokmål, den 26. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ HG1994
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: