Baug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Baug (av norrønt baugr = bøygd eller ringforma kant, del av ein ring, boge (jf. Baufil)) vert i dag helst forstått som den fremste delen av eit skip eller ein båt. På store handelsskip vil dette tyda frå det punktet der den parallelle delen av lasteområdet byrjar å smalna av inn mot forstamnen.

Antonymet til baugen er akteren.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire typar baugar. Av desse finn ein mellom andre:

Betalingsmiddel[endre | endre wikiteksten]

Baug vart i tidlegare tider brukt om ringforma ting og gjerne sett i samband med fordums betalingsmiddel i gull og sølv, som gjerne var forma som ringar eller spiralar som vart brote av (såkalte baugabrot) og brukt som betalingsmiddel. Ein kan difor òg kalla baug ei tidleg form for pengar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]