Baunatal
Baunatal er ein by i Landkreis Kassel nord i delstaten Hessen i Tyskland. Byen har om lag 28 000 ibuarar. Baunatal vart skipa i 1964 då fire kommunar vart slått saman, sidan den gongen har ytterlegare tre kommunar vorte innlemma i bykommunen.
Ein Volkswagen-fabrikk med i kring 17 000 tilsette er dominerande næringsaktør i Baunatal.
Det norske fotballandslaget vann i Baunatal den 14. november 1979 1-0 over det vesttyske amatørlandslaget i avgjerande kvalifiseringskamp til Sommar-OL 1980. Sigeren var til inga nytte, då Norges Idrettsforbund i mars 1980 valde å lyde USA og boikotte sommarleikane i Moskva.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Baunatal» frå Wikipedia på tysk, den 12. august 2019.