Volkswagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logo
Volkswagen boble

Volkswagen (forkorta VW) er ein av verdas største bilprodusentar, basert i Wolfsburg i Tyskland.

Medan VW refererer til bilmerket Volkswagen (Folkevogn), blir forkortinga VAG brukt om konsernselskapet. Forkortingane VAG og V·A·G har gjennom åra hatt ulike tydingar.

VAG stod for Volkswagenwerk AG (Volkswagenwerk Aktiengesellschaft) fram til 4. juli 1985. Då blei føretaksnamnet endra til Volkswagen AG.

V·A·G blei brukt for VW og Audis felles sal- og marknadsorganisasjon for personbilar og nyttekøyretøy, Volkswagen-Audi-Gruppe, fram til 1992 då det blei avgjort at dei to merka skulle separerast profilmessig.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet blei grunnlagd på 1930-talet i Tyskland. Den nasjonalsosialistiske regjeringas ønske var at alle skulle ha råd til å kjøpe seg ein bil, bygd etter eit forslag av Ferdinand Porsche. Prototypar av bilen blei kalla KdF-Wagen (Kraft durch Freude), og var tilgjengelege frå 1936. Dei første blei produsert i Stuttgart. Bilen hadde allereie den karakteristiske runde forma og VW-motoren.

Erwin Komenda, som hadde vore sjefdesignar for Porsche, utvikla forma til den velkjende «Bobla».

Den nye fabrikken i Wolfsburg hadde berre produsert nokre få bilar då krigen braut ut. Derfor var dei første masseproduserte bilane militære køyretøy, som den jeep-liknande Kübelwagen og den amfibiske Schwimmwagen.

Etter den andre verdskrigen utvikla Volkswagen seg til ein av verdas største bilprodusentar.

Modellar[endre | endre wikiteksten]

Volkswagen Passat

Modellreformer[endre | endre wikiteksten]

Volkswagen har hatt spesifikke årstal der det går tydeleg fram at dei har redesigna eller gjort viktige framstøyt på nesten alle modellar dei har ført. Nokre døme på dette er:

  • I 1973 blei det vedtatt at den originale tyskproduserte Bobla ikkje skulle vere i vanleg produksjon lenger, og både Polo, Passat og Golf kom på marknaden.
  • I 1984 kom Mark II-varianten av legendariske Volkswagen Golf, og ansiktsløftinga på Volkswagen Passat. Dei luftkjølte boxermotorane i Volkswagen Caravelle og Transporter forsvann og blei erstatta med den vassavkjølte «Wasserboxer»-motoren.
  • I 1991 forsvann siste rest av dei boxermotordrevne Type 2 Transporter og Caravelle, og det blei også lansert nye variantar av denne serien. 1991 var også det siste året den originale Golf II og søsterbilen Volkswagen Jetta blei produserte, då dei blei følgde opp av ein ny generasjon Golf. Jetta-namnet forsvann no, og sedan-varianten av Golf blei i staden kalla Vento. Året 1991 er viktig for Volkswagen med tanke på overgangen frå 1980-talets kantete bilar. Denne reforma spesifikt begynte i 1988, med redesignet av Passat for å skape ein ny bil. I 1990 følgde ein redesign av Polo, og også den blei rundare og fekk eit meir moderne preg. Til slutt følgde alle modellar etter.

Andre bilmerke som er eigde av Volkswagen-konsernet[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Volkswagen