Bayonetta
Bayonetta | |
Utviklar(ar) | PlatinumGames |
---|---|
Utgjevar(ar) | Sega |
Regissør(ar) | Hideki Kamiya |
Produsent(ar) | Yusuke Hashimoto |
Komponist(ar) | Norihiko Hibino |
Plattform(er) | PlayStation 3, Xbox 360, Wii U, PC, Nintendo Switch |
Utgjeving | PlayStation 3, Xbox 360: JP: 29. oktober 2009 NA: 5. januar 2010 EU: 8. januar 2010 Wii U: JP: 30. september 2014 NA: 24. oktober 2014 EU: 24. oktober 2014 Microsoft Windows: 11. april 2017 Nintendo Switch: 16. februar 2018 |
Sjanger | Action |
Spelemodus | einspelar |
Bayonetta er eit actionspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Sega. Spelet kom opphavleg ut i Japan på spelemaskinane Xbox 360 og PlayStation 3 i oktober 2009, og i Europa og Nord-Amerika i januar 2010. Spelet vart seinare gjeve ut på Wii U samtidig med oppfølgjaren Bayonetta 2, som kom ut i september 2014 i Japan og oktober 2014 i Europa og Nord-Amerika. Ei forbetra utgåve av spelet vart gjeven ut til Microsoft Windows 11. april 2017 på Steam. Spelet vart gjeve ut globalt til Nintendo Switch i februar 2018, også samtidig med oppfølgjaren.
Bayonetta går føre seg i Vigrid, ein fiktiv by i Europa. Spelet handlar om heksa Bayonetta, som kan skifte ham og bruke fleire ulike våpen. Ho meistrar også magi, og kan bruke sitt eige hår til å kalle på demonar for å gjera av med fiendane sine. Spelet bruker eit karaktersystem som gjev spelarar karakterer avhengig av korleis dei presterer i spelet, og eit kampsystem som liknar det i Devil May Cry-serien.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «ANMELDELSE: Bayonetta». Gamer.no. Henta 5. februar 2018.