Hopp til innhald

Beate Gangås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beate Gangås

StatsborgarskapNoreg
Fødd24. april 1963 (63 år)
Asker
Yrkejurist, advokat, fotballspelar
VervLikestillings- og diskrimineringsombod
Periode2006-2010
FøregangarKristin Mile (likestillingsombod)
EtterfylgjarSunniva Ørstavik
Beate Gangås på Commons

Beate Gangås (fødd 24. april 1963) er ein norsk jurist og politimeister i Oslo frå 2019. Ho var likestillings- og diskrimineringsombod frå 2006 til 2010.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Gangås er fødd i Asker.

Ho vart tilsett i Politiet i 1992, og vart utnemnd til politimeister i 2001. Ho leidde sidan då seksjonen mot organisert krim i Politidirektoratet. Gangås var konstituert som assisterande politidirektør i april–desember 2005. Ho har tidlegare hatt ulike stillingar i Oslo politidistrikt, mellom anna som leiar av Økonomiseksjonen og Påtaleseksjonen. Arbeidsområda hennar har mellom anna omfatta menneskehandel, familievald og rasisme, og ho har arbeidd med likestillingsrelaterte oppgåver som har med kjønn og etnisitet å gjere.

Ho vart utnemnd som det første likestillings- og diskrimineringsombodet i Noreg i 2006 for ein åremålsperiode på fire år. Det nye ombodet vart oppretta 1. januar 2006 ved ei samanslåing av Likestillingsombodet, Likestillingssenteret og Senter mot etnisk diskriminering. Gangås ønskte ikkje å forlenga åremålsperioden, og Sunniva Ørstavik vart utnemnd som etterfølgjaren hennar.[1]

Beate Gangås vart utnemnd til politimeister i Oslo politidistrikt den 21. juni 2019, for ein åremålsperiode på seks år.[2]

Gangås har òg vore styremedlem i Senter mot etnisk diskriminering, samt leiar av Interpol-gruppa mot menneskehandel.

  1. ↑ «Sunniva Ørstavik blir nytt likestillings- og diskrimineringsombud». Barne- og likestillingsdepartementet. 2009-11-13.
  2. ↑ Beate Gangås ny politimester i Oslo - aftenposten.no 21. juni 2019

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]