Beauvais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beauvais
Cathédrale de Saint-Pierre i Beauvais
Cathédrale de Saint-Pierre i Beauvais
Byvåpenet til Beauvais
Byvåpenet til Beauvais
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Picardie
Oise
Geografi
Flatevidd
 - By

33,31 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

54 100
  1 663/km²
59 003 (1999)
100 733 (1999)
Koordinatar 49°26′05″N 02°05′18″EKoordinatar: 49°26′05″N 02°05′18″E
Høgd over havet 67 m m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.beauvais.fr

Beauvais er ein by og kommune nord i Frankrike og préfecture (hovudstad) i departementet Oise i regionen Picardie. Byen har om lag 55 000 innbyggjarar, medan storbyområdet om lag har 100 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 90 km nord for Paris.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Beauvais ligg ved foten av dei skogkledde åsane på den venstre breidda til elva Thérain, der ho renn i hop med Avelon. Dei antikke festningsvollane har vorte øydelagd og er no omringa av boulevardar. I tillegg er det store opne gangstiar nordaust for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beauvais var av romarane kjend som Caesaromagnus (men i mellomalderen vart namnet skrive Bellovacumlatinsk), og fekk det noverande namnet sitt frå den belgisk stamme kalla Bellovaci, som hadde hovudstad her. På 800-talet vart byen eit grevskap, som i rundt 1013 gjekk vidare til biskopane i Beauvais, som vart franske likemenn frå 1100-talet. Ved kroninga av kongane hadde biskopane i Beauvais på seg ei kongeleg kappe og i lag med biskopane i Langres løfta dei kongen frå trona hans for å presentere han for folket.

I 1346 måtte byen forsvare seg sjølv mot engelskmenna, som igjen omleira byen i 1433. Omleiringa av byen i 1472 av hertugen i Burgund har vorte kjend for dei heltmodige kvinnene, leia av Jeanne Hachette. Dette vert framleis feira kvar 14. oktober, der kvinnene vert prioritert føre mennene.

Cathédrale de Saint-Pierre[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja St. Pierre i Beauvais er på mange måtar eit av dei mest dristige byggverka av gotisk arkitektur, og består berre av eitt tverrskip og kor med apsis og sju apsis-kapell. Himmelkvelven strekkjer seg 45 meter over golvet.

Kyrkja vart påbyrja i 1247 under biskop Guillaume de Grez over ei mindre romansk kyrkje frå 900-talet, og ho vart gjort 5 meter høgare, slik at ho vart den høgaste i Europa. Arbeidet vart avbrutt i 1284 då taket i koret kollapsa. I 1573 fall eit altfor ambisiøst midttårn saman under bygginga, og lite påbyggingar vart gjort etter dette. Tverrskipet vart bygd frå 1500 til 1548.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Beauvais