Befrakting i skipsfart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Befrakting eller charter er ein aktivitet innan sjøfartsindustrien der eit reiarlag leiger ut fartøya sine til ein befraktar. Kontrakten mellom partia vert kalla eit certeparti. Dei tre hovudtypane er totalbefrakting, reisebefrakting og tidsbefrakting.

Befraktaren[endre | endre wikiteksten]

I somme tilfelle kan ein befraktar eige last og nytte seg av ein skipsmeklar til å finne eit skip for å levere lasta for ein viss pris, kalla fraktrate. Fraktratane kan vere per tonn over ei viss rute (til dømes jernmalm mellom Brasil og Kina), i Worldscale-poeng (i høve oljetankarar) eller i ein totalsum - normalt sett i amerikanske dollar - per dag for heile frakteperioden.

Ein befraktar kan òg vere ein part utan last som tek eit fartøy på befrakting for ein spesifikk periode frå eigaren og deretter leiger ut skipet vidare for å frakte last med forteneste over leigeprisen, eller tene på ein stigande marknadspris ved å leige skipet vidare til andre befraktarar.

Avhengig av skipstype og befraktingstypen vert det vanlegvis skrive ein standardkontrakt kalla eit certeparti for å stadfeste nøyaktige ratar, varigskap og vilkår som er avtalt mellom reiaren og befraktaren.

Befraktingstypar[endre | endre wikiteksten]

Det er tre hovudtypar innan befrakting:

  • Totalbefrakting (bareboat-charter) er ei leigeordning der det ikkje er inkludert administrasjon eller teknisk vedlikehald som ein del av avtalen. Befraktaren får kontroll over fartøyet, inkludert det juridiske og økonomiske ansvaret for det. Befraktaren betalar for alle driftskostnader, inkludert drivstoff, mannskap, hamnekostnader og kaskoforsikring. Ved kommersiell totalbefrakting, ein undertype av totaltbefrakting, kan leigeperioden vare i mange år og kan stundom avsluttast med at befraktaren vert eigar av skipet. I dette tilfellet er avtalen ein form for leigekjøp frå eigarane, som godt kan ha vore skipsbyggarane. Denne typen befrakting er vanleg for tankskip og bulkskip.
  • Reisebefrakting er ein avtale der fartøy og mannskap vert hyra for ei reise mellom lastehamn og utløpshamn. Befraktaren betalar eigaren per tonn eller eit eingangsbeløp. Eigaren betaler hamnekostnadane (unntatt hamnearbeid), drivstoffkostnadar og mannskapskostnadar. Betalingen for bruk av skipet er kjent som frakt. Ei reisebefrakting gjev ein periode, kjent som leggetid, for lasting og lossing av lasta. Om leggetida vert overskride, må befraktaren betale demurrage eller overleggetid. Om ein sparar leggetid, kan certepartiet kreve at reiaren betalar forsending til befraktaren.[1]
  • Tidsbefrakting eller timecharter er leige av eit fartøy for ein spesifikk periode. Eigaren står for fartøy og mannskap, men befraktaren kan sjølv velje hamner, rute og snøggleik - som er viktig for CO2-utslepp. Befraktaren betalar for alt drivstoff, hamnekostnader, provisjonar og ei dagleg leige til eigaren av fartøyet. Befraktaren har på denne måten full operasjonell kontroll på fartøyet så lenge avtalen varer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Maritimeknowhow website: voyage charter Arkivert July 14, 2011, ved Wayback Machine.