Belfast internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Belfast lufthamn
Belfast International Airport, December 2010.JPG
IATABFS
ICAOEGAA
FlyplasstypeSivil
OperatørADC & HAS[1]
TenerBelfast i Nord-Irland
StadAldergrove i County Antrim
Opna1921 Edit this on Wikidata
Høgd268 fot Edit this on Wikidata
Koordinatar54°39′27″N 6°12′57″W Edit this on Wikidata
Nettstadhttps://www.belfastairport.com/ Edit this on Wikidata

Belfast internasjonale lufthamn er ein internasjonal flyplass som ligg 20 km nordvest for Belfast i Nord-Irland, ved småbyen Aldergrove. Det tidlegare og lokale namnet er Aldergrove Airport.

Flyplassen hadde rundt 4,3 millionar passasjerar i 2012, ein auke på 5,1 % i 2011.[2] Belfast er den mest brukte flyplassen i Nord-Irland og den andre mest brukte på heile Irland, etter Dublin lufthamn.

Flyplassen er privateigd og tilhøyrer ADC & HAS,[1] som også eig Stockholm Skavsta, Orlando Sanford, Daniel Oduber Quirós, Mariscal Sucre og Juan Santamaría.

Han har to rullebanar. Fram til 2008 delte flyplassen rullebanane med den militære flystasjonen RAF Aldergrove, som no er ein helikopterflyplass.

Det finst også ein mindre flyplass i Belfast - George Best Belfast City Airport, tidlegare kjend som Belfast hamneflyplass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «albertis - Belfast International Airport». Belfast International Airport. Henta 19. desember 2011.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. «CAA: UK Annual Airport Statistics». UK Civil Aviation Authority. Henta 2012-03-07.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.