Bellingshausenhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Antarktis med Bellingshausenhavet til venstre.
Eit kart over Den antarktiske halvøya med plasseringa til havet nedst til venstre.
Plasseringa til Den antarktiske halvøya i Antarktis.

Bellingshausenhavet er eit havområde langs vestsida av Den antarktiske halvøya, vest for Alexander Island, aust for Cape Flying FishThurston Island, og sør for Peter I Øy.[1] I sør ligg, frå vest til aust, Eights Coast, Bryan Coast og vestlege område av English Coast i Vest-Antarktis. Vest for Cape Flying Fish ligg Amundsenhavet.

Bellingshausenhavet har eit areal på 487 000 km² og er på det djupaste 4470 meter.[2]

Havområdet er kalla opp etter admiral Fabian Gottlieb von Bellingshausen , som utforska området i 1821.

Seint i pliocen, for kring 2,15 millionar år sidan, landa Eltanin-asteroiden her. Dette er det einaste kjende nedslaget på djupt hav i verda.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Australian Antarctic Data Centre, Antarctic Gazetteer: Bellingshausen Sea
  2. Gazetteer «About countries»: Bellingshausen (sea)
  3. Gersonde, Rainer; F. T. Kyte, T. Frederichs, U. Bleil, H.-W. Schenke, G. Kuhn, Frank T. (2005). «The late Pliocene impact of the Eltanin asteroid into the Southern Ocean – Documentation and environmental consequences» (PDF). Geophysical Research Abstracts 7. 1607-7962/gra/EGU05-A-02449. Henta 14. oktober 2012.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 71°S 85°W