Hopp til innhald

Thurston Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thurston Island
øy
Land  Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 72°6′S 99°0′W / 72.100°S 99.000°W / -72.100; -99.000
Høgaste punkt Mount Howell
 •  høgd 750 moh.
Lengd 215 km
Areal 15 700 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Thurston Island
72°13′48″S 98°36′55″W / 72.23°S 98.615277777778°W / -72.23; -98.615277777778
Thurston Island is located in Antarktis
Thurston Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Thurston Island

Thurston Island er ei isdekt øy som ligg like nordvest for Ellsworth Land i Antarktis. Ho er 215 km lang, 90 km brei og dekkjer eit areal på 15 700 km². Ho er den tredje største øya i Antarktis, etter Aleksanderøya og Berkner Island. Mellom øya og fastlandet ligg Peacock Sound, som er dekt av den vestlege delen av Abbot isbrem.[1]

Øya vart oppdaga frå lufta av kontreadmiral Byrd den 27. februar 1940, som namngav øya etter W. Harris Thurston, ein tekstilprodusent i New York, som designa den vindtette «Byrd Cloth» og som støtta antarktisekspedisjonane økonomisk.

Ho vart opphavleg kartlagd som ei halvøy og det vart ikkje oppdaga at ho var ei øy før 1960.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Antarktis Gazetteer: Thurston Island». Australian Antarctic Division. Arkivert frå originalen 15. april 2012. Henta 14. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Thurston Island» (innhald frå Geographic Names Information System).