Beltetraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pløying med beltetraktor.

Beltetraktor er ein traktor som vert driven fram av stål- eller gummibelte. Heilt sida Benjamin Holt laga den fyrste beltetraktoren med forbrenningsmotor i 1904 har beltetraktorar spela ein relativt viktig rolle innan jordbruket. Inntil for nokre tiår sidan vart det stort sett nytta stålbelte, av same type som på bulldosarar, som opphavleg var beltetraktorar med frontskjer.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Beltetraktor: Fiat 955C.

Motor og girkasse er ofte av same type som i hjultraktorar, men beltetraktorar er lågare gira. Beltetraktorar vert styrte med styrebremsar, av same type som på bulldosarar, men hydrostatisk drift har òg vore nytta. På grunn av vangane har dei høgare vekt enn hjultraktorar, men marktrykket er likevel mykje mindre, så dei vert ofte nytta på mark med dårleg bereevne.

Kjente produsentar[endre | endre wikiteksten]

Beltetraktor med såmaskin.

Caterpillar produserte opphavleg beltetraktorar for jordbruksføremål og kjente traktorprodusentar som Allis Chalmers, Cleveland Tractor, International Harvester, John Deere og Marchall produserte i fleire år beltetraktorar. Beltetraktorar var òg populære i Italia, der Fiat og Landini var av dei best kjende produsentane. I Sovjetunionen var beltetraktorar svært utbreidd i landbruket. Челябинский тракторный завод, Tsjeljabinskij Traktornij Sawod (Traktorfabrikken i Tsjeljabinsk) var, og er framleis, ein storprodusent av beltetraktorar. I England produserte Marchall beltetraktorar for jordbruket (Trac Marchall) fram til 1999 [1].

Rammestyrt Case-IH STX 480 traktor med gummibelte.

Gummibeltetraktorar[endre | endre wikiteksten]

I dei siste tiåra har traktorar med gummibelte vorte tekne i bruk innan jordbruket. Rundt 1970 tok Traktorenwerk Schönebeck i DDR til å eksperimentera med gummibelte [2]. I perioden 1983 til 1985 vart det bygd nokre gummibeltetraktorar (Fortschritt ZT 300 GB), som vart testa med positivt resultat, men på grunn av problem med slitestyrken til gummibelta vart dei ikkje sett i produksjonen. I 1987 tok Caterpillar til å produsera gummibeltetraktoren Challenger, som i 2002 vart han seld til Agco, som framleis lagar han. I 1988 tok Marchall opp produksjon av gummibeltetraktorar, men salet gjekk tregt og det vart ikkje laga meir enn rundt 1000 av dei. John Deere har seinare teke opp produksjon av gummibeltetraktorar. Desse traktorane har alle nytta eit par belte og køyrt belta med forskjellig hastigheit for å styra traktorane, på same måte som beltetraktorar med stålbelte. Steiger, som no er eigd av Case-IH, utvikla ein rammestyrt traktor med gummibelte. Gummibelta er både dyrare i innkjøp og vedlikehald enn gummihjul, men er nyttige på jord med dårleg bereevne.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Holt beltetraktor.
Hornsby beltetraktor.
Innhausting med beltetraktor ved Knauthain i Tyskland.
Ein Tsjeljabinsk ChTZ T-100 i arbeid på ein lunningsplass.

Den fyrste beltetraktoren var dampdrive og stammar frå 1834, då John Heatcoat bygde ein dampdriven beltetraktor som var tenkt nytta på blaut myr [3]. Belta på denne traktoren var laga av treplater som vart heldt saman av kraftig kanvas og maskina var utstyrt med vinsjar som drog plogar.

I 1888 bygde russaren Friodur Abramovitch Blinov ein dampdriven beltetraktor, med ein sylinder over kvar beltevange [4]. Glover and Chandler bygde òg ein dampdriven beltetraktor i 1888 [5]. I 1900 bygde Lombard Traction Engine Company i Penobscot ein dampdrive beltetraktor, med kraftige belteplater av eik som vart helt saman av kjettingar [5] [6].

I 1904 laga Holt Tractor Company i California ein dampdriven beltetraktor. Belta var laga av stålplater som var hengsla saman og monterte på beltevangar med nedre rullar. Konstruksjonen var svært lik moderne belte. Belta var relativt korte og rakk berre over halvparten av lengda på traktoren, som vart styrt med eit breitt midtmontert framhjul.

I 1905 bygde Hornsby ein beltetraktor med ein 20 hk Hornsby-Akroyd råoljemotor [7]. Denne traktoren hadde stålbelte i full lengd og som var svært like moderne stålbelte. Med denne maskina hadde beltetraktoren i grove trekk funne si endelege utforming. Det var inga interesse for traktoren i Storbritannia, så i 1913 selde dei rettane til Holt Tractor Co. i California, som i 1925 gjekk saman med C. L. Best Gas Traction til Caterpillar.

Den fyrste tyske beltetraktoren vart laga av Hanomag i 1921 [8].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bell, B., Fifty years of farm tractors, Farming Press, 1999.
  2. Bichhof, A., Traktoren in der DDR, Verlag Podszun Motorbücher, 2004.
  3. Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970.
  4. Dupouy, A., Les tracturs et engines speciaux chenilles sovietiques, Bind I: Les tracteurs agricoles et industriales, Alain Dupouy, 1986.
  5. 5,0 5,1 The Forest History Society (vitja 28/3-2008)
  6. Amato, R.V. og Heimburger, D.J., Classical vintage crawlers & dozers, Vol 1, Heimburger House Publishing Company, 2003.
  7. Hooley, R., Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages, Ruston company history.
  8. Wagner, W., Raupen-Schlepper, Verlag Podzun-Motorbücher GmbH, 2001.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]