Såmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordsten radsåmaskin. Her ser ein at sålabbane er plasserte i to rekkjer.

Såmaskin er ein jordbruksreiskap nytta for å så frø til ulike vekstar i åker. Tidlegare var det vanleg med berbare såmaskinar og såmaskinar trekte av hestar. Moderne såmaskinar er monterte på trepunktsopphenget på ein traktor, eller slepa etter ein traktor. Mange såmaskinar kan òg plassera kunstgjødsel i høveleg avstand frå frøa. Dette sparar ein arbeidsoperasjon og at jorda ikkje vert så samanpakka.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Radsåmaskin[endre | endre wikiteksten]

Radsåmaskinar har fleire sålabbar på sida av kvarandre, som grev ei grunn fure, legg frø ned i fura og grev ho att. Avstanden mellom sålabbane er rundt 10 cm og for å få plass er dei som oftast plasserte i to rekker, etter kvarandre. Sålabbane er utstyrte med små plogliknade skjer, som grev fura der frøa vert plasserte. På toppen av maskinen er det ein behaldar for frøet, såkassen, som vert ført ned til sålabbane via røyr. Desse munnar ut i bakkant av skjera som grev fura. For å halda sådjupna konstant er sjølv trepunktsmonterte såmaskinar utstyrte med støttehjul.

Kornet/frøet vert mata ut frå såkassen til røyra ned til labbane av matarar (ofte grove tannhjul)[1]. Dei fleste såmaskinane har jamn utmatingfart, så frøa vert liggande i ein avstand på berre nokre mm etter kvarandre. Dette fører til at røtene veks utover, noko som kan gje dårleg feste. Nokre produsentar har difor teke til å mata frø sekvensielt, slik at plantene i naborader vert ståande i sikksakk[2].

Enkeltfråsåmaskin[endre | endre wikiteksten]

Enkletfrøsåmaskin.

Nokre såmaskinar er i stand til å plassera einskilde frø i jorda. Denne typen vert nytta til vekstar som treng å ha avstand til naboplantene. Forutan å spara frø treng ein ikkje å tynna plantene når berre sår dei frøa som skal veksa seg til planter. Slike planter veks som oftast i renner. Sålabbane har difor mykje større avstand enn på radsåmaskinar for korn og grasfrø. Mange enkeltfrøsåmaskinar har separate såkassar for kvar sålabb.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste såmaskinane var berre eit røyr som frøa vart slept ned gjennom og vart laga av sumerane for rundt 3500 år sidan[treng kjelde]. På 100-talet f.Kr. laga kinesarane såmaskinar med fleire røyr[3]. Den fyrste kjende europeiske såmaskina vart laga av av venetianaren Camillo Torello i 1566.[3] I 1701 laga gardbrukaren Jethro Tull i Berkshire i Storbritannia ei såmaskin av orgelpiper[4]. Rundt 1720 eksperimenterte Christopher Polhem med ein såmaskin og på 1740-talet bygde Daniel af Thunberg ein maskin. I 1783 bygde James Cook ein seks-rads såmaskin. Denne maskinen fekk stor betydning for den vidare utviklinga. Det fyrste kjende patentet på ein såmaskin vert teke ut av Eliakim i 1799[5]. Frå midten av 1850-talet vart såmaskinar produserte i større skala[6]. Garrett & Sons i Storbritannia var ein av dei mest kjende produsentane. På 1950-talet tok Överrums bruk og Ystads mekaniska verkstad i Sverige til å produsera såmaskinar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996
  2. T.H. Fladby, «Ny flatsåmaskin vil gi mye bedre avling». Flagro.com. 17. juni 2012. Arkivert frå originalen 12. november 2011. 
  3. 3,0 3,1 R. Temple, The Genius of China: 3,000 Years of Science, Discovery, and Invention, rev. utg., Inner Traditions, 2007.
  4. «The story of wheat». The Economist. 20. desember 2005. (krev abonnement (help)). 
  5. Smith, H.P., Farm machinery and equipment, McGraw-Hill, 1955.
  6. Halberstad, A., Plows & planting implements, MBI Publ. Comp., 1997.