Varde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Varde kommune i Danmark.
Synesvarden i Time kommune i Rogaland har vore nytta i landmålinga.
Ein varde (cairn) som markerar stigen langsetter ein isbre i fjellet i Sveits.
Leivningane etter ein tillaga plass for brenning av varde (vete) i vikingtidaTiller i Trondheim. Namn på mange åsar og høgder rundt ikring i Noreg fortel at dei har vore varde-åsar og varde-kollar eller vete-åsar og vete-kollar.

Varde er ei nemning som vert nytta både om ein oppbygd haug av stein som markerar kvar eit vegfar eller ei grense går i terrenget, eller som siktemerke i samband med landmåling og kartkonstruksjon, og om ein slik stapel av vedtre som i tidlegare tider vart plassert på toppen av ein ås eller eit fjell for å setjast fyr på når det var naudsynt å varsle folket om åtak under ufred og krig. Ein slik varslingsvarde vert òg kalla vete.

Steinvardar[endre | endre wikiteksten]

Steinvardar som nyttast som vegmerke er vanlegvis ikkje bygde etter serskilde normer. Dei er ofte små og står så tett at ein kan sjå frå den eine til den andre. Slik vegmerking er særleg nyttig på snaufjellet. Dei vardane som vart nytta som siktemerke til landmåling og kartlegging av Noreg i si tid, markerte trigonometriske punkt (trekantpunkt) og skulle kunne sjåast på lang lei, og vart difor helst plasserte på fjelltoppar med godt utsyn. Desse vardene var vanlegvis halvannan til to meter høge, og med tverrmål på ein eller halvannan meter, og anten kvadratiske eller sirkulære. Då fjellturismen skaut fart, oppstod òg den skikken at folk byrja markere fjelltoppar og det høgste punktet på åsar med vardar for å stadfesta at dei hadde vore der.

Standardiserte og skikkeleg oppmurte vardar, gjerne måla i svart og kvitt, har vore nytta som sjømerke på holmar og liknande under nemninga varde.

Vardesystemet for varsling av ufred[endre | endre wikiteksten]

Vardane var del av eit varslingssystem basert på lyssignal. Som regel var dei konstruksjonar av stein eller tre som var plasserte på høgdedrag i terrenget. I ufredstid kunne vardane få eigne vardevaktar, og ved eit eventuelt åtak ville vardane verta tende. Då dei var plaserte i eit system med fri sikt frå den eine til den neste, kunne kvar av vardane i kjeden tennast straks vaktane såg at varden på den andre fjelltoppen eller åsen stod i flammar. På denne måten kunne meldinga sendast over store avstandar.

Systemet er kjend over heile verda. I Europa er det spesielt dei vardesystema som var i bruk i det klassiske Hellas og i Romarriket som er kjende.

Skandinaviske vardar[endre | endre wikiteksten]

I Skandinavia vart vardar truleg nytta så tidleg som i den eldre jernalderen, men kan ha vore i bruk tidlegare. I Noreg er det spesielt to periodar som er kjend for vardebygging og vardeteneste. Den første er frå Håkon den gode si tid fram til byrjinga av 1300-talet, medan den andre er frå Kristian IV av Danmark-Noreg si tid fram til 1814. Vardetenning kunne vera eit signal på at leidangen skulle bu seg til strid. Leidangen var eit system der bøndene langs kysten utrusta skip og stilte mannskap.

Det første vardesystemet i Noreg skal ha gått langs heile kysten frå Båhuslen til Varangerfjorden. Det var òg avgreiningar innover fjordane.

Under kong Kristian IV på 1600-talet, vart eit mogleg åtak frå Sverige avgjerande for plasseringa av vardane. Systemet vart no laga til frå svenskegrensa innover Austlandet og Trøndelag, med avgreiningar innover dalføra. Enkelte vardar frå denne tida har vorte teke vare på fram til nyare tid. Ein varde vart stort sett utgjort av 3–3,5 meter lange trestokkar stabla i ein ring på mellom fire og fem meter. Ved vardane kunne det verta sett opp vardehytter av tre eller stein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]