Benelux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benelux flagg
Kart over Benelux (Belgia, Nederland og Luxembourg)

Benelux eller Be-Ne-Lux-landa er ei fellesnemning på Belgia, Nederland og Luxembourg. Dei to offisielle språka er nederlandsk og fransk.

Namnet er skapt ved å setje saman dei fyrste stavingane frå kvart av namna til medlemslanda, og vart opphavleg til ved opprettinga av den økonomiske unionen «Benelux» (Benelux Economische Unie / Union Économique Benelux).

Land[endre | endre wikiteksten]

Tollunion[endre | endre wikiteksten]

Tollunionen vart avtalt i 1944 og trådde i kraft i 1948 med formål om å fremje den frie rørsla av arbeidskraft, kapital, tenesteytingar og varer dei tre landa imellom. Stiftinga bidrog til utviklinga fram mot Den europeiske unionen.

Kamp mot kriminalitet[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vart det avtalt at politistyrkane til medlemslanda gjerne må overskride landegrensene til kvarandre i kampen mot den internasjonale kriminaliteten. Avtalen går eit steg vidare enn Schengenavtalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]