Bengt Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengt Nilsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. februar 1934
Härnösands kommun
Død

11. mai 2018 (84 år)
Solna

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956

Nils Bengt Nilsson (17. februar 193411. mai 2018) var ein svensk friidrettsutøvar frå Härnösand. Han vart europameister i høgdehopp i 1954, i ein sesong der han var verdas beste høgdehoppar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

181 cm høge Nilsson vann den svenske meistertittelen for 1953 med sterke 2,01 m.

Den 15. juni 1954 tangerte Bengt Nilsson den svenske rekorden med eit hopp på 2,02 m i Södertälje. 2. juli forbetra han rekorden til 2,03 m i Göteborg. Ei veke seinare oppnådde han 2,05 m i eit stemne i Halmstad, og hadde dermed sletta finske Kalevi Kotkas sin 18 år gamle europarekord. 15. juli hoppa han så heile 2,10 m i Göteborg. I midten av august vart han svensk meister med resultatet 2,09 m.

Høgdefinalen under europameisterskapen i Bern vart avvikla 29. august 1954. Nilsson byrja å hoppe på 1,90 m, og gjekk over alle høgder opp til 2,03 i fyrste forsøk. Dermed hadde han vunne EM-gullet framom tsjekkoslovaken Jiri Lansky. Han prøvde seg så på 2,06 m, men reiv tre gongar. 19. september forbetra Nilsson europarekorden enno ein gong, då til 2,11 m, berre ein centimeter under verdsrekorden til Walter Davis frå USA.

Gjennom 1954 deltok Nilsson i 47 tevlingar, og hoppa over to meter ved 37 høve. For denne framifrå sesongen vart han tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1954.

I 1955 vart han svensk meister for tredje og siste gong med gode 2,05 m. I forkant av sommarleikane 1956 i Melbourne pådrog han seg ein skade som førte til at han ikkje kunne prestere opp mot sitt beste og han vart slått ut i kvalifiseringa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]