Benny Goodman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benny Goodman kring 1970

Benny Goodman, fullt namn Benjamin David Goodman, (30. mai 190913. juni 1986) var ein USA-amerikansk jazz- og swing-musikar, klarinettist og orkesterleiar frå Chicago i Illinois, med tilnamnet «King of Swing».

Midt på 1930-talet leia Benny Goodman ei av dei mest populære musikkgruppene i USA. Konserten han heldt i Carnegie Hall i New York City den 16. januar 1938, omtala kritikaren Bruce Eder som den aller viktigaste jazz-/populærmusikk-konserten i historia: Jazzen steig då ut frå partymiljøet og gjekk over til å verte ein musikksjanger respektert i vide krinsar.

Mange av dei store namna i jazzmusikken voks fram i orkester leia av Goodman. Framleis i ei tid med raseskilje leia han det fyrste velkjende jazzorkesteret med både kvite og svarte musikarar. Goodman var aktiv musikar heilt opp til sine eldre dagar, samstundes som han tok inntrykk frå klassisk musikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]