Bentonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bentonitt er ein leirbergart som er danna ved omdanning av vulkansk oske og tuff. Består vesentleg av leirmineralet montmorillonitt. Det vert mellom anna nytta til avfarging og regenerering av oljer og feitt. Bentonitt blir òg brukt som vernekolloid. Ei modifisert form av bentonitt blir mellom anna brukt i målingar for å oppnå spesielle flyteeigenskapar, som tiksotropi. Verdsproduksjonen ligg på 10 mill. tonn i året, med USA, Russland og Hellas som viktige produsentland. Det er kalla opp etter Benton-formasjonen i Montana i USA.

I Noreg finst bentonitt i lag frå ordovicium, truleg danna ved innleiring av vulkansk oske frå store utbrot i fjerntliggande område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]