Montmorillonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Montmorillonitt
Mineraly.sk - montmor.jpg
Montmorillonitt (ukjend skala)
Generelt
KategoriFylosilikat
Smektittgruppa
Kjemisk formel(Na,Ca)0.33(Al,Mg)2(Si4O10)(OH)2·nH2O
KrystallsymmetriMonoklin prismatisk
H-M-symbol: 2/m
Romgruppe: C2/m
Einingscellea = 5.17 Å, b = 8.94 Å, c = 9.95 Å; β = 99.54°; Z = 1
Identifikasjon
FargeKvit, bleik rosa, blå, gul, raud, grøn
Krystallformkompakte massar av lamellert eller kuleforma mikrokrystallinske samlingar
KrystallsystemMonoklin
Kløyv{001} perfekt
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala1–2
GlansMatt, jordaktig
TransparensGjennomskinneleg
Spesifikk vekt1.7-2
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.485–1.535 nβ = 1.504–1.550 nγ = 1.505–1.550
Dobbeltbrytingδ = 0.020
2V-vinkelMålt: 5° til 30°
Kjelder[1][2][3]

Montmorillonitt er eit av dei mest utbreidde leirminerala, med sjiktgitterstruktur. Det er avleidd av eit aluminiumsilikat med formel Al2Si4O10(OH)2·xH2O, der aluminium er delvis erstatta av eit toverdig ion som magnesium, og silisium kan vere delvis erstatta av aluminium. Dette gjev ei negativ ladning som blir kompensert ved at natrium og kalsium går inn mellom sjikta, saman med ei variabel mengd vassmolekyl. Dette forklarar mineralet sitt ionebyttereigenskapar og evna til å svelle sterkt opp, noko som kan vere eit problem i ingeniørteknisk samanheng. Montmorillonitt har mange industrielle bruksområde, sjå bentonitt og fullerjord.

Nærskylde mineral er beidellitt (aluminium erstattar silisium), nontronitt (jernrik), saponitt (med magnesium og jarn), hectoritt (med magnesium og litium), sauconitt (sinkhaldig), volkonskoitt (kromhaldig). Saman med montmorillonitt blir desse minerala gjerne kalla svelleleire eller smektitt.

Det er kalla opp etter Montmorillon i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Montmorillonite». Handbook of Mineralogi (PDF). II (Silica, Silicates). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209716. Henta December 5, 2011. 
  2. Montmorillonite. Mindat.org
  3. Montmorillonite. Webmineral

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Montmorillonitt