Berefjord

Koordinatar: 58°16′03″N 06°27′48″E / 58.26750°N 6.46333°E / 58.26750; 6.46333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berefjord
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Flekkefjord
Kart
Berefjord
58°15′43″N 6°27′51″E / 58.26184194°N 6.46408111°E / 58.26184194; 6.46408111

Berefjord eller Berrefjord er ein liten fjord i Flekkefjord kommune, like sør for Åna-Sira. Fjorden er berre 1,5 km lang og har innløp rett sør for Holmen. Lenger inne i fjorden ligg Foreholmen. Fjorden har ei vinkelrett form og snur krapt austover om lag halvvegs. I det nordvestlege «hjørnet» i fjorden ligg Strandebakken, der det ligg eit forsamlingshus.

Det er fem gardar ved fjorden, Homma, Håskog, Vatland, Skarpenes og Polland, men det er ikkje lenger nokon fastbuande.[1] Det er ei hyttegrend ved Vatlandstjødna like nordom Strandbakken, og det er veg frå Åna-Sira til Strandbakken. Fjorden er elles veglaus.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Helge Trelsgård og Tordis Midtbø (1995). Bygdebok for Åna-Sira og Berrefjord. Åna-Sira: Eige forlag. s. 33. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

58°16′03″N 06°27′48″E / 58.26750°N 6.46333°E / 58.26750; 6.46333