Beremeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Moderne meis til å bera barn i.

Meis, også kalla bakmeis, beremeis, byrdemeis og børemeis, er ei innretning til å ha på ryggen for å bera ei last.

Tradisjonelt var ein meis ei vidjekorg eller eit nett ein kunne bruka til kløvsal eller ha på ryggen. Han kunne til dømes brukast til å bera høy i.[1] Det kunne også vera ei bereramme for ein ryggsekk.[2] Seinare har ein utvikla spesiallaga meisar, til dømes til å bera småbarn i.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «beremeis» i Nynorskordboka.
  2. «Sekk med meis», digitaltmuseum.no, henta 6. september 2019 
  3. «Vi har testet 11 bæremeiser», www.klikk.no (på norsk), henta 6. september 2019