Berge Østenstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berge Østenstad

Berge Østenstad NM Bergen 2009.jpg

Fødenamn Berge Christiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1964
Oslo
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Berge Østenstad (fødd Berge Christiansen15. september 1964) er ein norsk sjakkspelar.

Han vart stormeister i sjakk i 2003, som den sjette norske sjakkspelaren. Østenstad har vunne åtte noregsmeisterskap i sjakk, fleire enn nokon annan: I åra 1984, 1990, 1994, 1997, 1999, 2003, 2004 og 2011. Simen Agdestein har sju noregesmeisterskap. Berge Østenstad oppnådde tittelen internasjonal meister i 1987.

Berge Østenstad kvalifiserte seg for stormeister-tittelen ved gode turneringsresultat på Gausdal og i Biel i 1990. Kravet om å oppnå 2500 i FIDE-rating klarte han i 1991. Det tok deretter ein del år før han klarte det naudsynte tredje resultatet, som kom i ei turnering i Göteborg i 2003.

Berge Østenstad har deltatt 3 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 1984, 1990 og 2004. Han har eit samla resultat på 10 sigrar, 9 remisar og 10 tap, 14,5 poeng på 29 parti, 50,0 %.

Berge Østenstad spelar for Asker sjakklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]