Simen Agdestein
Simen Agdestein | |
![]() | |
Fødd | 15. mai 1967 (53 år) Asker |
Yrke | fotballspelar, sjakkspelar |
Simen Agdestein på Commons |
Simen Agdestein (fødd 15. mai 1967) i Asker er ein norsk sjakkspelar og tidlegare fotballspelar.
Han vart for fyrste gong Noregsmeister i sjakk i seniorklassen i 1982, som 15-åring, som den yngste gjennom tidene.[1] Ikkje ein gong Magnus Carlsen klarte å slå denne rekorden.
Simen Agdestein vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1983, og vart så i 1985 utnemnd til internasjonal stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE[2]. Han var den første frå Noreg som klarte å bli stormeister i sjakk. Sidan den gongen har han vore rekna som den beste sjakkspelaren i Noreg, fram til Magnus Carlsen braut gjennom.
Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]
Simen Agdestein har blitt noregsmeister i sjakk heile 7 gongar, i 1982, 1986, 1988, 1989, 2000, 2002 og 2005. Berre Berge Østenstad har fleire, med 8 NM-sigrar.
Simen Agdestein har mange sterke resultat i sjakkturneringar. Blant desse er dei tre sigrane i Nordisk meisterskap i sjakk på Gjøvik i 1985[3], og deretter i 1989 og 1992, og andreplassen i junior-VM på Gausdal i 1986[4].
Simen Agdestein har spelt heile 8 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1982-1984, 1988-1990, 1996 og 2004, 2006 og 2008. I den første, som 15-åring i 1982, spelte han på 4. bord. I dei 4 neste spelte han på 1. bord, før han i dei tre siste spelte på 2. bord med Magnus Carlsen på 1. bord. I desse 8 turneringane spelte han til saman 76 parti, og skåra 45,5 poeng etter 31 sigrar, 29 remisar og 16 tap, 59,9 %. I 1982 fekk Agdestein 1. premie for beste resultat på 4. bord, etter å ha tatt 9 poeng på 12 parti, 8 sigrar, 2 remis og 2 tap, 75,0 %.[5]
Agdestein skriv sjakkspalta i VG.
Fotballkarriere[endre | endre wikiteksten]
Agdestein var òg ein dyktig fotballspelar. Han spelte for Lyn, og fekk åtte A-landskampar for Noreg før ein kneskade tvinga han til å leggje opp.
Anna[endre | endre wikiteksten]
Simen Agdestein er utdanna som samfunnsvitar. Han tok initiativet til sjakklina på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum, og har vore sjakklærar der sidan starten. Mellom andre stormeistrane Magnus Carlsen og Jon Ludvig Hammer har vore elevar ved sjakklina på NTG.
Simen Agdestein er yngre bror til den sterke FIDE-meisteren i sjakk Espen Agdestein, mest kjend som manager for Magnus Carlsen.
Simen Agdestein har vore gift med Marianne Aasen, som er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.
Simen Agdestein har deltatt i det populære programmet Skal vi danse på TV.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Simen Agdestein sine beste parti på www.chessgames.com
- Simen Agdestein sine sjakkparti i Noreg hos NorBase
- Omtale av Simen Agdestein på stormeister Rune Djurhuus sine sjakksider
- Simen Agdestein sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE
- Bøker
- Knut Jøran Helmers: Sjakkleksjoner med Simen Agdestein, 1987, ISBN 82-496-0064-9
- Simens sjakkbok, Gyldendal 1987, ISBN 82-05-25146-0
- Sjakkvidunder: Hvordan Magnus Carlsen ble verdens yngste stormester, Kom forlag, 2005, ISBN 82-92496-21-1