Bergen rådhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergen rådhus til venstre på bilete

Bergen rådhus er rådhuset i Bergen kommune. Det ligg i Rådhusgaten 10, nordaust for Lille Lungegårdsvannet, rett ved gågata Marken og Olav Kyrres gate.

Rådhuset er teikna av arkitekt Erling Viksjø i såkalla brutalistisk stil etter at han vann fyrstepris i konkurransen i 1953. Bygget stod ferdig i 1974. Bygget har 10 468 m², er 51,2 meter høgt, 13,6 meter breitt, og 47,95 meter langt. Som mange av Viksjøs bygg, og som det fyrste i Bergen, blei rådhuset reist i naturbetong.

I desember 2009 blei Rådhuset sertifisert som Miljøfyrtårn.