Erling Viksjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Viksjø

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juli 1910
Trondheim
Død

2. desember 1971 (61 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Erling Viksjø på Commons
Høgblokka i regjeringskvartalet, 1955–58. Påbygg i 1990.

Erling Viksjø (4. juli 19102. desember 1971) var ein norsk arkitekt kjend for ei rekkje monumentalbygg, særleg i Oslo. Viksjø vert rekna som ein av dei fremste arkitektane innan norsk modernisme,[1] og var med på å prega norsk arkitektur etter den andre verdskrigen. Høgblokka i regjeringskvartalet vert rekna som eit av dei viktigaste byggverka hans. Det er likevel delte meiningar om arkitekturen hans, og delar av produksjonen hans er omstridd.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Viksjø studerte arkitektur ved Noregs tekniske høgskule fram til 1935. Han fór så til Oslo der han byrja hjå arkitekt Ove Bang; eit arkitektkontor som opererte med ein radikal arkitekturpolitisk tenking og var blant dei fremste i Noreg innan funksjonalismen. Viksjø var ein overtydd tilhengjar av denne retninga.[3] Han tok del i arkitektkonkurransen om ein ny regjeringsbygning i 1939 med prosjektet «Vestibyle», dominert av ei høgblokk på 12 etasjar. Han vart kåra til ein av fire vinnarar, men prosjektet vart skrinlagt som fylgje av den andre verdskrigen. Etter krigen sette staten ned ein komité til å kjosa kva for eit av dei fire utkasta som skulle realiserast, derav Viksjø fekk oppdraget.[4]

Under andre verdskrigen leidde han arkitektkontoret Bang etter at Ove Bang døydde i 1942.[5] Frå 20. april 1944 og resten av krigen sat Viksjø på Grini. Etter krigen byrja han sitt eige arkitektkontor, og vinnarutkastet til regjeringsbygningen vart det fyrste store oppdraget hans. Det vart justert fleire gongar, blant anna for di det verneverdige Empirekvartalet tok opp det meste av tomta. Etter ein langvarig og oppheita vernedebatt vart ei redusert høgblokk oppført i åra 1955–1958, og den gamle busetnaden riven.[4] «Y-blokka» nord for høgblokka på eit «lokk» over Arne Garborgs plass var ein del av utbyggingsplanen til Viksjø, men vart ikkje oppført før i 1969–1970.[6]

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Erling Viksjø var påverka av den sveitsiske arkitekten Le Corbusier, noko som særleg kom til uttrykk i høgblokka i regjeringsbygningen. Høgblokka vart løfta opp på søyler eller «pilotis», og vart såleis delvis «frigjord» frå bakken. Eit sannsynleg førebilete var Utdanningsdepartementet i Rio de Janeiro frå 1947 av Le Corbusier i samarbeid med blant anna Oscar Niemeyer.[7] Takløysinga med skulpturelt utforma oppbygg for statsrådssal og tekniske installasjonar har referanse til Villa Savoye og Unité d'Habitation i Marseille teikna av Le Corbusier.[8]

Sidan innverknaden frå Le Corbusier er så tydeleg – særleg åsta for betong som byggjemateriale og byggjestil – vert Viksjø og byggverka hans stundom omtala som bygd i brutalistisk tradisjon. Retninga var rett nok dyrka av Le Corbusier, og ho fekk i 1950-åra namn av arkitektar som ovundra bruken av rå betong – béton brut. Betongoverflatene i prosjekta til Viksjø var derimot aldri «rå». Alle overflatene var av naturbetong som var foredla ved overflatebehandling. Karakteriseringa av Viksjø som de facto brutalistisk arkitekt er difor noko upresis.[7]

Naturbetong[endre | endre wikiteksten]

I trappegangen i høgblokka i regjeringskvartalet av arkitekt Erling Viksjø. Sandblåst relieff i trapperomsvegg av Pablo Picasso.
Foto: Leif Ørnelund

I samarbeid med ingeniøren Sverre Jystad utvikla dei naturbetong – som vart patentert i 1955.[9][10] Teknikken innebar tilslag av rundslipt elvegrus som vart sandblåst for å gjeva betongoverflata eit grovare uttrykk.[11] Han vart fyrste gong brukt i regjeringsbygningen i alle synlege overflater, og vart utnytta som kunstnarisk uttrykksmiddel i gavlane, i vestibylen og på veggane i trappegangane.[12] Her samarbeidde Viksjø med ei rekkje kjende kunstnarar, og igjennom Carl Nesjar kom òg Pablo Picasso til å levera teikningar til sandblåsen dekor både i høgblokka og Y-blokka.[7]

Naturbetong vart òg brukt i Bergen rådhus, Lillehammer kunstmuseum (seinare kombinert med påbygg av Snøhetta) og hovudkontoret til Yara, tidlegare Norsk Hydro.

  • Snippen, Luftforsvarets Byggelag på Holmen ved Hovseter i Oslo, 1946–52
  • Regjeringsbygningen i Oslo, 1946–59
  • Fiskerifagskolen i Honningsvåg, 1950–56
  • Marmorberget burettslag på Lambertseter i Oslo, 1952–54
  • Hangarar på Bodø og Ørland hovudflystasjon, 1952–56
  • Nordnorsk student- og elevhjem i Oslo, 1953–60
  • Bakkehaugen kyrkje i Oslo, 1955–59
  • Oslo Helseråd (Domus Nova), St. Olavs plass 5, Oslo, 1956–69
  • Y-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo, 1956–70
  • Kanalbrua i Tønsberg, 1957
  • Nordseter fjellkyrkje ved Lillehammer, 1958–64
  • Administrasjonsbygningen til Norsk Hydro (Hydrobygget), Bygdøy allé 2, Oslo, 1960–63
  • Elkemhuset, Middelthuns gate 27, Oslo, 1960–65
  • Tromsøbrua i Tromsø, 1963
  • Kino og kunstsamlingen på Lillehammer, 1963
  • Standard Telefon og Kabelfabrik i Østre Aker vei 33 i Oslo, 1968
  • Bergen rådhus i Bergen, 1968–74
  • Ringerike rådhus i Hønefoss, 1962

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lisbeth Guldbrandsen: En mild modernist som bygde Oslo i betong - OBOS-bladet nr. 2- april 2021
  2. «I et fornyet regjeringskvartal». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Aftenposten. 31. januar 2012. Henta 2. mai 2021. «For å ta Høyblokken først: Dersom det er teknisk og sikkerhetsmessig forsvarlig, bør den bli stående. Det er ulike syn på hvor vakkert dette bygget er. Men det er ingen tvil om at det representerer en byggestil fra en tidsepoke, og den har i mange år vært et landemerke i hovedstaden.» 
  3. Erling Viksjø (på norsk bokmål). 25. februar 2020. 
  4. 4,0 4,1 Bjørn Sverre Pedersen: «Gatens arkitekturhistorie» i Juul Møller, Trygve (red.): Akersgaten, Oslo 1967, s. 146-152
  5. Gunnarsjaa, Arne (1. august 2023). «Erling Viksjø». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Erling Viksjø: «Det nye regjeringsbygget». Byggekunst 1-1959, s.3
  7. 7,0 7,1 7,2 Bente Aass Solbakken. «Erling Viksjø og Regjeringsbygningen» (på norsk bokmål). Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Henta 11. november 2023. 
  8. Erik Rolfsen: «Bygg for regjeringskontorer». Byggekunst 1-1959, s. 8.
  9. Morten, Ryen, «Sosialdemokratiets høyborg skal bli som ny», www.statsbygg.no, henta 10. november 2023 
  10. Elisabeth Seip (25. november). REGJERINGSKVARTALET ETTER 22.7.2011 (PDF). Oslo. 
  11. Søberg, Martin (12. oktober 2021). «Espen Johnsen: Erling Viksjø: Eksperimenter i form og betong». Kunst og Kultur (på norsk) 104 (3): 182–184. ISSN 0023-5415. doi:10.18261/issn.1504-3029-2021-03-05. 
  12. Erling Viksjø: «Det nye regjeringsbygget». Byggekunst 1-1959, s. 4-5

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Trohaug, Hallvard. Arkitekt Erling Viksjø. Oslo: Norsk arkitekturmuseum. ISBN 82-91773-04-1. 
  • Erling Viksjø i Norsk kunstnerleksikon
  • Henjum, Berit Johanne: «'Det beste jeg noen gang har laget' – Erling Viksjøs rådhusutkast i Bergen (1951–53)». I: Johnsen, Espen (red.): Brytninger i norsk arkitektur 1945-65. Nasjonalmueet – Arkitektur, Oslo 1910, s. 106-115. ISBN 978-82-8154-054-5
  • Pedersen, Bjørn Sverre: «Gatens arkitekturhistorie».I: Juul Møller, Trygve (red.) Akersgaten, Oslo 1967, s. 15–192.
  • Espen Johnsen (2020). Erling Viksjø - eksperimenter i form og betong. Pax. ISBN 9788253042190. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Erling Viksjø