Berghumle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berghumle
Dronning av berghumle på gullris. Frå Munkvoll i Oppdal. Foto: Åslaug Viken
Dronning av berghumle på gullris. Frå Munkvoll i Oppdal.
Foto: Åslaug Viken
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Langtungebier Apidae
Slekt: Humler Bombus
Art: Berghumle B. monticola
Vitskapleg namn
Bombus monticola

Berghumle (Bombus monticola) er ei humle som lever i fjellet og i fjellskogen. Ho dominerer i lågalpin sone der ho ofte er den vanlegaste humlearten. Ho kan av og til finnast i låglandet, særskilt om våren og tidleg på sumaren. Berghumla er særs vanskeleg å skilja frå lapphumler som ikkje har gule hår på bakkroppen.

Berghumla finst i Fennoskandia og austover til Kolahalvøya, i Storbritannia, Alpane, Pyreneane, i Italia og på Balkan. Utbreiinga i Noreg er dårleg kjend, men DNA-strekkoding tyder at ho er vanleg i heile fjellkjeda frå Hardangervidda i sør til Pasvik og Lakselv i nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • CC-BY-icon-80x15.png Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Berghumle skriven av Frode Ødegaard, Jan Ove Gjershaug, Arnstein Staverløkk og Roald Bengtson. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforskning under lisensen CC BY 3.0. Henta 25. juli 2020.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.