Bergsvein Hov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergsvein Hov
Fødd 28. november 1910
Død

25. september 1992 (81 år)

Yrke psykolog

Bergsvein Hov (1910-1992) var ein norsk lærar, psykolog og fengselsdirektør. Han vart utdanna lærar i 1934, uteksaminert frå Statens gymnastikkskole i 1938 og vart cand.psychol. i 1950. Hov var fyrst lærar i Oslo, vart i 1946 leiar for Berg arbeidsskole for unge lovbrytarar og var frå 1961 direktør for Ila sikringsanstalt i Bærum. Han sat som aktiv sosialpolitikar i ei rekkje komitear, var der med på å forme arbeidet for ungdom med tilpasningsvanskar. Han leia kriminalomsorgen si aspirantnemd.