Berlin–Tegel internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berlin–Tegel internasjonale lufthamn

Berlin–Tegel internasjonale lufthamn (Flughafen Berlin-Tegel) er ein av to lufthamner i Berlin. Ho ligg i den nordlege bydelen Reinickendorf. I 2015 hadde lufthamna ein trafikk på 21 millionar passasjerar.

Lufthamna vart bygd av franske ingeniører på 48 dagar under Berlinblokaden i 1948 for å transportera forsyningar til den kringsette byen. Då flyplassen var ny hadde den ein rullebane på 2,4 km, den lengste i Europa. Flyplassen vart modernisert på 1970-talet, og byrja å erstatta Tempelhof lufthamn som den viktigaste lufthamna i Vest-Berlin. Tempelhof var omgjeve av moderne bybebyggelse, og rullebanene var for korte til moderne jumbojetar.

15-02-27-Flug-Berlin-Düsseldorf-RalfR-DSCF2458b-07.jpg

Det var planlagt å leggja ned lufthamna 2. juni 2012 i samband med at alle sivile lufthamner i Berlin skulle slåast saman til Berlin Brandenburg lufthamn. Denne var planlagd opna dagen etter. Sidan opninga av den nye flyplassen er blitt forseinka, er også stenginga av Tegel blitt utsett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!