Berliner Illustrirte Zeitung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslagssida for Berliner Illustrirte Zeitung frå 27. august 1936

Berliner Illustrirte Zeitung (BIZ) var eit tysk vekeblad grunnlagd i Berlin i 1891. Det første nummeret kom ut 4. januar 1892.

Bladet blei skipa i november 1891[1] av Hepner, ein forretningmann frå Schlesien.[2][3] Det første nummeret kom ut under Otto Eysler, som også gav ut Lustige Blätter. I 1894 blei det kjøpt av Leopold Ullstein, skiparen av Ullstein Verlag.[4]

Avisseljar som tilbyr Berliner Illustrirte Zeitung i München på 1910-talet. Akvarell av Peter Krämer II.

Berliner Illustrirte Zeitung var det første tidsskriftet i Tyskland som kom i masseopplag. Det blei seld for 10 Pfennig på gater og torg i Berlin, ein pris til og med ein arbeidar kunne betala. BIZ-konseptet var nytt på denne tida. Ein hadde ingen abonnentar, men lokka i staden lesarar gjennom ei interessant form som bygde på bilde. Allereie i 1902 blei det vist fotografi ikkje berre på tittelsida, men også inne i bladet. Mot sluttet av weimarrepublikktida hadde BIZ oppnådd eit opplag kvar veke på nær to millionar eksemplar, og blei distribuert med eigne forlagsfly over heile Tyskland. Under nazitida blei eigarfamilien Ullstein fordriven, og BIZ blei nytta som propagandablad av regimet. I 1941 blei stavinga av namnet endra til Berliner Illustrierte Zeitung.

Etter andre verdskrigen vende Ullstein tilbake. Bladet blei seld til Axel Springer, men etter 1945 kom det ikkje ut regelmessig. Under namnet Berliner Illustrirte har det likevel kome ut som særrskilde temanummer, mellom anna i samband med Kennedy-besøket i Berlin 1963, då Berlinmuren fall i 1989 og ved gjenforeininga av Tyskland 3. oktober 1990. Sidan 18. mars 1984 har namnet også vore brukt for søndagsmagasinet til Berliner Morgenpost.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Gideon Reuveni (2006). Reading Germany: Literature and Consumer Culture in Germany Before 1933. Berghahn Books. s. 127. ISBN 978-1-84545-087-8. Henta 6 June 2016. 
  2. de Mendelssohn, p. 103.
  3. Corey Ross, Media and the Making of Modern Germany: Mass Communications, Society, and Politics from the Empire to the Third Reich, Oxford/New York: Oxford University, 2008, ISBN 9780191557293, p. 30.
  4. Mila Ganeva, Women in Weimar Fashion: Discourses and Displays in German Culture, 1918–1933, Screen cultures, Rochester, New York: Camden House, 2008, ISBN 9781571132055, p. 53.