Berwick-upon-Tweed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Berwick-upon-Tweed

P8300626.sized.jpg
Plassering
Berwick-upon-Tweed is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Northumberland
Distrikt Northumberland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

11 665
Koordinatar 55°46′″N 2°0′″WKoordinatar: 55°46′″N 2°0′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TD15
Telefon-retningsnummer 0 1289
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Berwick-upon-Tweed

Berwick-upon-Tweed er ein by i Northumberland. Han er den nordlegaste byen i England, og ligg på austkysten ved munningen til elva Tweed. Elva markerer det meste av strekninga grensa mellom England og Skottland, men Berwick ligg på nordsida, det vil seie på det som elles er skotsk side; han var tidlegare administrasjonsby for det skotske grevskapet Berwickshire. Han er no administrasjonssenter for distriktet Berwick-upon-Tweed, som omfattar eit større område enn sjølve byen.

Bruer over elva Tweed

Berwick er ein marknadsby. Han har òg ei hamn, som ligg i landsbyen Tweedmouth like ved. Størst tyding har byen hatt på grunn av den strategiske plasseringa si, og i meir enn 300 år frå midten av 1000-talet byta han hender fleire gonger. Så seint som under Rosekrigane1400-talet vart det kjøpslått om byen. Bymurane er blant dei best verna i Storbritannia, og dei vart kraftig restaurert på 1700-talet.

Fotballaget til byen, Berwick Rangars FC, spelar i Scottish Football League, noko som er unikt for ein engelsk by.

Den lokale dialekten, kjent som Tweedside, er ein kombinasjon av låglandsskotsk og northumbrisk dialekt; han høyrest mest ut som ein skotsk dialekt.

Byen har venskapsbyavtale med Sarpsborg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]