Sarpsborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen Sarpsborg. For kommunen, sjå Sarpsborg kommune. For tettstaden, sjå Fredrikstad/Sarpsborg.
Koordinatar: 59°17′2″N 11°06′35″E
Sarpsborg
By
none  Fylkeskommunal administrasjon i Sarpsborg.
Fylkeskommunal administrasjon i Sarpsborg.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Kommune Sarpsborg
Koordinatar 59°17′2″N 11°06′35″E
Areal 24,19 km²
 - storbyområde 58,15 km²
Folketal 54 678 (2016)
 - storby 108 636
Folketettleik 1 868 / km²
Innbyggjarnamn sarping
Preposisjon i Sarpsborg
Wikimedia Commons: Sarpsborg
Nettstad: www.sarpsborg.kommune.no

Sarpsborg ein by og administrasjonssenter i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Byen utgjer den nordaustre delen av tettstaden Fredrikstad/Sarpsborg, som har 108 636 innbyggjarar (2015)[1] og er den femte største tettstaden i Noreg. Sarpsborgdelen av tettstaden har 54 678 innbyggjarar (2016).

Gågate i Sarpsborg.

Bysenteret i Sarpsborg er prega av eit rektangulært gatenett med hovudgata, St. Marie gate, langs toppen av raet. Denne går over Øvre Torg, som er byens handelstorg, og inntil dette ligg Nedre Torg med rutebilstasjon. Sør for torga ligg Sarpsborg kyrkje frå 1863 og den nesten 100 mål store naturparken Kulås med fleire gravminne frå tida rundt Kristi fødsel. Ved Hornes finst helleristningsfelt frå bronsealderen, som er om lag 3000 år gamle. I sentrum er mange eldre trehus skifta ut med moderne forretningsgardar. Industrien er dominert av anlegga til Borregaard langs elva nedanfor fossen. Heilt i sørvest er det hamneområde på Melløs og i Sannesund.

Byen har kontor for fylkeskommunens administrasjon. Utdanningstilbod omfattar vidaregåande skole med fleire studieretningar og Høgskolen i Østfold med avdelingar for ingeniør- og realfag. Ved «Olavsvollen» ligg Borgarsyssel Museum, som er fylkesmuseum for Østfold. Sykehuset Østfold har avdeling i Sarpsborg.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Byen blei grunnlagt 1016 av Olav II Haraldsson. Av landets nåverande byar er berre Tønsberg og Trondheim eldre. Byen var den første tida sete for Borgarting, og distrikta aust for Oslofjorden (Borgarsyssel) blei styrt herfrå. Kongane budde ofte i Borg om vinteren. På 1200-talet blei det stadig meir vanleg å kalle byen Sarpsborg. Etter at svenskane svidde av byen i 1567 under den nordiske sjuårskrigen, blei han flytta til munningen av Glomma og fekk namnet Fredrikstad etter kongen, Frederik II. Sarpsborg fekk i 1839 igjen sine kjøpstadsrettar.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

I Norden[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]