Betty Mouat
Betty Mouat | |
![]() | |
Fødd | 1825 Shetlandsøyane |
Død |
6. februar 1918 (92 år) |
Elizabeth (Betty) Mouat (1825–6. februar 1918) var ei kvinne som i 1886 dreiv åleine i ei førarlaus seglskute frå Shetland til Sunnmørskysten.
Den 30. januar skulle ho reise frå Grutness, nær sørspissen av Shetland. Ho skulle til Lerwick, for å oppsøkje lækjar. Ho hadde hatt slag året før. Tidlegare hadde ho vorten skoten i hovudet med hagle, og eine beinet var skamfare då ho vart overkøyrd av eit tungt lass. Ho skulle reise med «SS Columbine», eit 50 fot langt seglfartøy, rigga med ei mast, og klyverbom. Vêret var stormfullt, og skipparen og dei to andre som var mannskap hadde reva segla. Like etter dei tok laust, slitna storseglskautet, og skipparen vart slegen overbord av storbommen. Dei to andre sette i all hast ein småbåt på havet, og gjekk om bord i han for å redde skipparen. Det klarte dei ikkje. Dei kom seg heller ikkje ombord att i «Columbine». Dei kom seg til lands og fekk varsla om det som hadde hendt. Det vart sett i gang leiting etter «Columbine» med fleire dampbåtar, men ho vart ikkje funnen.
Ei veke etter etter, laurdag 7. februar, stranda «Columbine» på Lepsøya på Sunnmøre. Betty Mouat var framleis ombord. Ho var medteken på grunn av at ho hadde hatt lite mat og drikke. Dessutan hadde det ruskete veret gjort det uråd med skikkeleg kvild. Ho vart same dagen redda i land av folk frå øya. Ho var så medteken at ho var sengeliggande første dagane. 15. februar tok ho fatt på ferda heim. Alle stader ho stogga på heimferda møtte mykje folk opp for å sjå henne. Det var store oppslag om henne i aviser over heile Europa. Ho fekk tilbod om å kome til London å verte framvist for pengar. Det ville ho ikkje. Ho kom til Shetland den 10. mars.
Det britiske handelsministeriet tildelte redningsmedaljar til 7 mann som hadde vore med å redde Betty i land. Dei fekk òg ei pengegåve.
Vraket av «Columbine» vart seld på auksjon, reparert, og tente som fiskefartøy og frakteskute på Norskekysten. Ho vart opphoggen i slutten av 1930-talet. I åra etter denne ferda var «Columbine» eit populært fartøynamn i Noreg.
Staden der «Columbine» stranda ber no namnet Columbinebukta. Der er det oppsett ei minneplate om denne hendinga.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Roderick Grant: Betty Mouat si einsame reise. Originaltittel : The Lone Voyage of Betty Mouat. Utgitt med kommentarar av Haram kulturhistoriske lag, 1986