Bewildered

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Bewildered» er ein popsong skriven i 1936 av Teddy Powell og Leonard Whitcup. Han vart ein hit i 1938 for Tommy Dorsey and His Orchestra, og vart òg spelt inn av Mildred Bailey same året. Songen vart spelt inn fleire gonger seint i 1940-åra, då i to forskjellige versjonar, av Red Miller Trio og Amos Milburn, og desse ndådde toppen av R&B-lista i 1948.[1] Begge desse versjonane skil seg frå den originale publiserte melodien og inspirerte seinare innspelingar. «Bewildered» vart sidan spelt inn av mange andre R&B-artistar, som Billy Eckstine and The Ink Spots, som nådde ein fjerdeplass på R&B-lista og 27. plass på poplista. Eit tiår seinare vart han spelt inn av Mickey & Sylvia, igjen med ein annan melodi, som likna på innspelinga til Red Miller Trio. «Bewildered» vart òg spelt i 1990 av The Notting Hillbillies på albumet deira Missing...Presumed Having a Good Time[2]

James Brown and The Famous Flames-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Bewildered
Singel av James Brown and The Famous Flames
frå albumet Think!
B-side «If You Want Me»
Utgjeve Februar 1961
Innspelt 30. januar 1959, Beltone Studios, New York, NY
Sjanger R&B, doo-wop
Lengd 2:21
Selskap King 5442
Låtskrivar(ar) Teddy Powell, Leonard Whitcup
Produsent Andy Gibson
James Brown-singlar-kronologi
«The Bells»
(1961)
Bewildered «I Don't Mind»
(1961)


James Brown and The Famous Flames spelte inn «Bewildered» i 1959. Den doo-wop-aktige utgåva minna om Amos Milburn-versjonen, med ein kraftig triol-kjensle og ein kraftfull melismetisk vokallinje. Han vart først gjeven ut som eit spor på Brown-albumet Think! i 1960. Året etter vart han gjeven ut som singel, og nådde då Topp 10 på R&B-lista og vart den adnre singelen til Brown (etter «Think») som nådde Topp 40 på pop-lista.[3]

«Bewildered» vart spelt mykje på konsertane til Brown gjennom karrieren hans. Han var med i ein medley på gjennombrotsalbumet hans Live at the Apollo og finst på fleire seinare konsertalbum, som Revolution of the Mind: Recorded Live at the Apollo, Vol. III (1971) og Love, Power, Peace (1992). Han spelte òg inn nye studioversjonar for album, som Prisoner of Love (1963) og Sex Machine (1970).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • James Brown - solovokal

and The Famous Flames:

with the James Brown Band:

  • George Dorsey - altsaksofon
  • J.C. Davis - tenorsaksofon
  • Bobby Roach - gitar
  • Bernard Odum - bass
  • Nat Kendrick - trommer[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 400, 401. 
  2. Wolk, Douglas. (2004). Live at the Apollo, 89-92. New York: Continuum Books.
  3. White, Cliff (1991). «Diskografi». In Star Time (pp. 54–59) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.
  4. Leeds, Alan, and Harry Weinger (1991). «Star Time: Song by Song». In Star Time (pp. 46–53) [CD booklet]. New York: PolyGram Records.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]