Bianca Urbanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bianca Urbanke
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 17. september 1967 (56 år)
Ludwigsfelde
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Årets håndballspiller i Tyskland, Årets håndballspiller i Tyskland

Bianca Urbanke (fødd 17. september 1967) er ein tysk tidlegare handballspelar som i 1993 vart verdsmeister for Tyskland. Ho var høgre rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Urbanke fekk sin landslagsdebut med Aust-Tyskland i 1987, men deltok ikkje i nokon større turnering. I 1993 var ho laget sin toppskårar då det samla Tyskland gjekk til topps i verdsmeisterskapen i Noreg, etter siger over Danmark i finalen. På heimebane året etter tapte Tyskland EM-finalen. Etter femteplass i Handball-VM 1995, fekk Urbanke minimalt med speletid under Sommar-OL 1996 i Atlanta. Sidan deltok ho berre i Handball-VM 1999 av store landslagsturneringar. Urbanke spelte 207 landskampar og skåra 775 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Opp til 1990 vann Urbanke tre meisterskapspokalar i Aust-Tyskland. I 1990 fekk ho kontrakt med Bayer Leverkusen. Her vann ho DHB-pokalen i 1991 og tapte finalen i IHF-cupen. Hausten 1993 gjekk ho over til TV Lützellinden. Våren 1994 var laget nær ved å kvalifisere seg til finalen i EHF-meisterligaen, rauk på dårlegare målskår enn Vasas Budapest. 1994-99 var ho Frankfurter HC-spelar. Frå 1999 til februar 2001 spelte Urbanke for spanske Mislata. Her vann ho EHF-cupen i sin første sesong. Sesongen etter vart ho spansk cupmeister. Til sist var ho Frankfurt-spelar fram til 2004. Som kaptein var ho med på å vinne DHB-pokalen i 2003. Ho avslutta med å verte tysk ligameister i 2004. Både i 2003 og 2004 vart ho kåra til årets spelar i Tyskland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull: 1993 med Tyskland
  • EM-sølv: 1994 med Tyskland
  • Vinnar av IHF-cupen: 1990 for Vorwärts Frankfurt
  • Vinnar av EHF-cupen: 2000 for Mislata
  • Austtysk seriemeister:1986, 1987, 1990 for Vorwärts Frankfurt
  • Tysk seriemeister: 2004 for Frankfurter HC
  • Vinnar av DHB-pokalen: 1991 for Bayer Leverkusen og 2003 for Frankfurter HC
  • Spansk cupmeister: 2011 for Mislata

Kjelder[endre | endre wikiteksten]