Handball-VM 1993 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Verdsmeisterskapen i handball 1993 for kvinner, den 11. i rekka, vart avvikla i tida 24. november til 5. desember 1993 i Noreg. Til saman 16 land deltok i turneringa. Etter ekstraomgangar i finalen vann Tyskland meisterpokalen med sluttsiffera 22-21 mot Danmark.

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom gruppevinnarane i hovudrunda, Danmark og Tyskland, vart spelt i Oslo Spektrum framfor 7 690 tilskodarar. Dei to laga fylgde kvarandre heile kampen, ved pause var stillinga 8-8 og då ordinær tid var ute stod det 17-17 på resultattavla. Ut i andre ekstraongng leia Danmark 21-20, men Tyskland snudde til siger 22-21. Den tyske rykkromspelaren Bianca Urbanke vart matchvinnar 40 sekundar før kampen vart avblåst.

Dei tyske målskytarane var Bianca Urbanke (6), Heike Axmann (5), Birgit Wagner (4), Karen Heinrich, Renate Zienkiewicz og Sybille Gruner (alle 2), og Gabriele Palme (1 mål). Sabine Adamik vakta det tyske målet. For Danmark skåra Camilla Andersen 7 gongar, Anja Andersen 4, Anette Hoffmann og Janne Kolling 3, Anja B. Hansen 2, Tina Bøttzau og Marianne Florman 1.

Bo Johansson og Bernt Kjellquist frå Sverige dømde finalen. Dei straffa Tyskland med to 2-minuttsutvisingar og Danmark med tre.

Bronsefinalen[endre | endre wikiteksten]

Bronsekampen mellom toarane i hovudrunda, Noreg og Romania, fann stad på finalearenan i forkant av sjølve finalen. Kampen enda med norsk bronsemedalje etter siger 20-19, ved pause leia Noreg 11-9. Begge laga vart straffa med tre 2-minuttsutvisingar.

Noreg stilte med målvaktene Cecilie Leganger og Hege Frøseth, rykkromspelarane Tonje Sagstuen (1), Susann Goksør (4), Cathrine Svendsen (6), Siri Eftedal (3), Mette Davidsen, linjespelarane Heidi Sundal (4), Hege K. Kvitsand og kantspelarane Kristine Duvholt, Mona Dahle og Marte Eliasson (2). Karin Pettersen, som spelte mykje i meisterskapen, var influensasjuk og sat på tribunen, saman med Annette Skotvoll og Connie Mathisen.

Plasseringskampar[endre | endre wikiteksten]

Laga som ikkje nådde hovudrunda spelte ei eiga plasseringsrunde som enda slik: 13. Litauen, 14. Kina, 15. Spania, 16. Angola.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]