Bifilar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bifilar tyder dobbelttråda.

Ei bifilar opphenging er eit svingande system, som til dømes ei magnetnål , opphengt i to like lange, fråskilde trådar som er parallelle i likevektsstillinga. Når systemet vert dreidd ut av likevekt, hevar ein tyngdepunktet, og krafta i trådane gjev eit dreiemoment som trekkjer systemet attende mot likevekt att. Dreiemomentet er uavhengig av elastiske krefter og kan reknast ut nøyaktig av vekta til systemet og forma til opphenginga. Slike opphengingar vert nytta i instrument der det er om å gjere å kunne rekne ut slike krefter nøyaktig. Eit døme på eit slikt instrument er eit magnetometer.

Ei bifilar vikling av ein elektrisk motstand er at motstanden vert framstilt ved at ein viklar ein spole av dobbel motstandstråd. Dei to delane vert kopla i serie med motsett straumretning. Magnetfeltet som straumen då fører til, vert svakt, og spolen får liten sjølvinduktans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]