Spole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnetisk felt rundt ein spole.

Ein spole, også kalla induktor, er ein passiv elektronisk komponent som lagrar energi i eit magnetisk felt.

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Spolen er laga ved å surre til dømes ein tynn isolert kopartråd rundt ei kjerne av luft eller jern. Den fysiske eigenskapen til spolen ein ynskjer å utnytte i ein elektronisk krets er induktans. Om ein nyttar ei jernkjerne i spolen vil induktansen auke.

Energi[endre | endre wikiteksten]

Energien som vert lagra i ein spole er gjeven ut frå denne formelen:

, der er straumen i Ampere gjennom spolen, og er induktiviteten til spolen gjeven i Henry.

Bruk i kretsar[endre | endre wikiteksten]

Ein spole oppfører seg ulikt om det vert sendt likestraum (DC) eller vekselstraum (AC) gjennom han. Spolen vil leie likestraum upåverka (oppføre seg som ei kortslutning) gjennom seg, men vil prøve å hindre vekselstraum med høgare frekvensar å komme gjennom. Spolen vil sette opp ei spenning over seg gjeve av denne differensial-likninga

Om ein sender gjennom sinusforma AC gjennom ein spole kan ein sjå på likninga i frekvensplanet slik

der ω er vinkelfrekvensen som har denne samanhengen til frekvens i Hertz

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Det at ein spole påverkar vekselstraum som går gjennom han, kan nyttast i analog signalbehandling til å filtrere ut (fjerne) somme frekvensar i eit signal. Ein spole i seg sjølv prøver å hindre høge frekvensar å komme gjennom seg. Saman med motstander og eventuelt kondensatorar til å lage eit høg- eller lågpassfilter.

Om ein legg to (eller fleire) spolar inntil kvarandre kan ein lage ein transformator. Ei AC-spenning over den eine spolen vil forplante seg over til den andre sida. Spenninga kan bli anten høgare eller lågare alt etter som forhaldet mellom talet på viklingar på dei to spolane